Hopp til innhold

Forlenga varetekt

Den 29 år gamle mannen som er sikta for drapet på Brunholmen i februar, er varetektsfengsla i fire nye veker. Drapet skal ha skjedd som følgje av ein konfrontasjon mellom fleire i eit lukka miljø. Retten meiner etter ei samla vurdering at det er sannsynleg at det kan skje nye alvorlege valdshandlingar dersom den sikta ikkje blir varetektsfengsla.