Forlenga fengsling

Den 37 år gamle ungararen som er sikta for å ha fabrikkert bevis i samband med den påståtte forsvinningssaka i Molde i fjor sommar, er fengsla på nytt i fire veker. I avgjerda frå Romsdal tingrett kjem det fram at politiet meiner mannen ikkje har bidratt til å forklare si rolle i saka. Mannen blei utlevert frå Franrike for ein månad sidan. Politiet har fått medhald i kravet om ny fengsling, mellom anna fordi dei ønskjer å få gjort nye avhøyr av mannen og kvinna som også er involvert i saka.