Hopp til innhold

Førjulsbråk og vald

Mykje bråk, vald og slåsting siste natt til laurdag før jul.

Politi

Politiet har hatt mykje å gjere natt til laurdag den siste førjulshelga.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Politiet i Møre og Romsdal melder om ei hektisk natt til laurdag.

Fredag kveld og natt til laurdag var det mange episodar med slåsting og vald.

Måtte haldast i ro

Klokka 01 var det slåsting på Hoelsand i Sunndal, Ein mann måtte haldast i ro til politiet kom. Ein mann i 20-åra måtte sendast til legesjekk.

Frå Elnesvågen i Fræna fekk ordensmakta melding om at den kvinnelege parten i eit sambuarforhold var utagerande. Det roa seg då politiet banka på. Dei ville halde fred.

I Malmefjorden i same kommune møtte politiet ein bilførar utan førarkort. Saka blir meldt.

Amper mann

I Kristiansund måtte ein amper mann i trettiåra vekkvisast frå sentrum. Like ved var det musikkk- og feststøy. Festen vart avslutta av politiet sine folk.

Klokka 04 meldte ei kvinne i tjueåra til politiet i Kristiansund at ho hadde blitt halden fast og forsøkt kyssa like ved kinoen. Gjerningsmannen klarte å stikke av. Saka blir etterforska.

I Ålesund vart to personbilar avskilta på staden. Dei hadde ikkje trafikkforsikring.

Heimsende av politiet

Like etter måtte politiet stoppe fleire personar som krangla og slost i indre bydel.

Dei involverte fekk åtvaringar, og vart heimsende.

Politiet hadde ikkje folk

Klokka halv to fekk politiet melding om musikkstøy i sentrum av Vestnes. Dette forstyrra naboane, men politiet hadde ingen folk å sende.

Klokka to fekk politiet meldingar frå Vigra om eit muleg innbrot. Etter nærare undersøkingar finn politiet ut at det er huseigaren som hentar ut gjenstandar på natta.

0339 må politiet stoppe bråk og slåsting ved ein bensinstasjon i indre bydel av Ålesund. Ein person blir pågripen og sett i arresten.

Litt seinare klagar folk på musikkstøy frå eit hus i Ørsta. Politiet avsluttar festen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL