NRK Meny
Normal

Forholdsvis roleg natt til 17, mai

Det har ikkje vore alvorlege hendingar natt til 17. mai i Møre og Romsdal. Russen har oppført seg greitt, men andre skapte litt trøbbel i utelivet.

Partytelt i Vanndamman overende

Det store partyteltet til russen i Kristiansund bles over ende utpå natta og politiet og brannvesenet måtte sikre området.

Foto: Politiet

Ingen i politiarresten nord for Romsdalsfjorden, men ein i arresten i Ålesund. Det er konklusjonen til politiet i Møre og Romsdal etter natta.

I Kristiansund måtte politiet rykke ut til ein stor fest russe heldt i Vanndamman etter at eit stort party-telt bles over ende. Ingen personar kom til skade, men politiet måtte ha hjelp frå Brannvesenet for å sikre teltet.

– Det var om lag 150 russ i området, og vi valde å vise dei bort for å unngå personskade i samband med teltet som losna frå pluggane, seier operasjonsleiar Ole Wulvik til NRK.

Årsaka til at teltet velta, var kraftig vind i området.

Ved midnatt måtte politiet rykke ut til Mordalsvågen. Ein del ungdom var samla og nokon skulle ha sett fram trugslar, samtidig som eit balltre skulle ha blitt observert. Meldinga viste seg å vere overdriven, men fem ungdommar blei viste bort frå staden.

I Ålesund rykte naudetatane ut ved midnatt etter at ei ung jente hadde lagt på symjetur ved Tueneset. Ho var nedkjølt, men gjekk sjølv på land og blei teken med til legevakta for sjekk.