Hopp til innhold

Forhandlar om samanslåing

Stranda og Sykkylven har starta forhandlingar om å slå seg saman. I går og i dag er lokalpolitikarane i dei to kommunane samla til felles kommunestyremøte i Geiranger. Sentralt har Senterpartiet og partileiar Trygve Slagsvold Vedum vore ein sterk motstandar av kommunereforma, men dei to ordførarane Jan Ove Tryggestad og Odd Jostein Drotninghaug meiner at det i dette tilfelle kan vere ei god løysing. – Eg gjekk til val der eg var klar på at denne prosessen skulle bli vidareført med tanke på å legge fram eit felles dokument, seier Tryggestad. – Viljen er til stades, så det er rettferdig at folket og politikarane kan sjå kva moglegheiter som ligg i dette, seier Drotninghaug.

Senterparti-ordførerne Jan Ove Tryggestad i Stranda og Odd Jostein Drotninghaug i Sykkylven forhandler om sammenslåing
Foto: Trond Vestre / NRK