Foreslår stor romsdalskommune

Telemarksforsking går inn for at kommunane på heile Romsdalshalvøya og øyane på Romsdalskysten bør slå seg saman.

Rapporten blir presentert på Åndalsnes i dag.

I rapporten heiter det at at i alle fall Midsund, Aukra, Fræna, Molde og Eide bør utgjere éin kommune. Sjølv om Gjemnes og Nesset vurderer ei samanslåing med nordmørskommunar, bør også desse kommunane inngå i ein stor romsdalskommune, heiter det i rapporten.