Hopp til innhold

No skal mat og metall sorterast ut av restavfallet

I store deler av Møre og Romsdal har folk drive med søppelsortering i stor stil i årevis. No kjem resten av befolkninga etter.

Kildesortering på Hove

No skal også dei som bur i og rundt Ålesund ta til med ei meir omfattande sortering av bosset.

Foto: Rashid Akrim / NRK

Representantskapet i ÅRIM vedtok tysdag formiddag samrøystes å innføre ei omfattande kjeldesortering av søppel. Sorteringa skal føregå heime hos folk. Dette inneber at også dei som bur i Ålesund og nabokommunane no får fleire bossdunkar å halde styr på.

Dette betyr at forslaget frå administrasjonen i ÅRIM er vedteke og blir innført delvis i 2017 og så trinnvis utover til eit stykke inn i 2019. Dei fleste skal vere i gang med å sortere ut matavfallet i løpet av 2018.

– Dette er eg svært glad for. No skal vi løfte miljøinnsatsen ytterlegare. Eg vonar mange blir glade for at dei no kan få sortere ut maten i vårt område også, seier dagleg leiar i ÅRIM, Øystein Solevåg til NRK.

Søppel

Vi menneske produserer enorme mengder søppel.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

I dag har Ålesund og nabokommunane ei tredelt søppelsorteringsordning. Folk har éin dunk for hushaldningsavfall, éin dunk for papp og papir, og det blir samla plast i plastsekkar. I tillegg er det miljøstasjonar for spesialavfall og glas.

Øystein Solevåg i ÅRIM

Øystein Solevåg er dagleg leiar i ÅRIM.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Vi håper vi skal få folk til å sortere ut matavfallet alt i år. Men vi kan ikkje love at alle skal ha fått tilbod om dette før etter påske i 2019, seier dagleg leiar i ÅRIM, Øystein Solevåg til NRK.

EU krev at halvparten av alt avfall frå hushaldningane skal vinnast att eller gjenbrukast frå 2020. Dette vil i så fall krevje omfattande kjeldesortering heime hos folk. I 2015 sorterte hushaldningane i ÅRIM sitt område 31 % av avfallet.

Ifølgje det nye forslaget blir det ei ny ordning for sortering av matavfall og ei ny ordning for sortering av glas og metallemballasje. Papir, plast og restavfall skal handterast som i dag. Øystein Solevåg garanterer at det sorterte bosset faktisk kjem til nytte.

– Det skal ikkje vere slik at folk skal sortere for så å oppleve at det sorterte avfallet blir blanda saman att hos renovasjonsselskapet. Ressursen skal utnyttast best mogleg når denne ressursen er sortert ut, seier Solevåg.

ÅRIM sender i dag både sortert plast og papir til kontinentet. Når husstandane i ÅRIM-området kjem i gang med sortering av matavfall blir dette mest sannsynleg sendt til Austlandet.

Ni av tolv kommunar i ÅRIM-samarbeidet før representantskapsmøtet i formiddag.