I januar varsla Orkla-leiinga at fabrikken kan bli flagga ut til Sverige. Styringsgruppa som ser på Orkla sin fabrikkstruktur var i dag samla for å diskutere framtida til Ello i Kristiansund. Der foreslo dei nedlegging av Ello i Kristiansund. Berre den lokale tillitsvalde stemte imot.
Hovudtillitsvald ved Ello i Kristiansund, Unni Garberg, seier at dei tilsette tok nyheita tungt.
– Det er veldig trist for oss som jobbar der og for Kristiansund generelt. Dei tilsette er uro fordi det ikkje finst så mange andre jobbar i Kristiansund no. Dermed er det mange som truleg vil bli gåande arbeidsledige, seier Garberg.
– Vi har blant anna ektepar som vil bli arbeidsledige samtidig. I tillegg er det mange som er i den alderen at dei blir arbeidsledige like før dei kunne gå av med AFP, held ho fram.
- Les også:
Kan bli flagga ut til Sverige
Svært mange av produkta som er i vanleg bruk i Norge har opp gjennom tidene vore produsert i Kristiansund.
Hovudtillitsvald ved Ello i Kristiansund, Unni Garberg, fortel at dei tilsette er skuffa innstillinga.
Foto: Anne Mari Flatset / NRKLano, Lypsyl og ein rekke andre merkevarer har blitt produsert her.
25. april skal styret ta ei endeleg avgjerd i saka. Nærare 60 arbeidsplassar vil gå tapt dersom produksjonen av Lano og dei andre merka blir flagga ut til Sverige.
Garberg fortel at dei tilsette ikkje har tenkt å gi opp kampen om å behalde Ello i Kristiansund.
– Sjølv om sjansen er liten kjem vi til å halde fram med å kjempe for eit anna utfall. Ingenting er avgjort enno og vi kan ikkje berre gi opp. Vi gir oss ikkje før saka er avgjort, seier ho.
- Les også:
- Les også: