Hopp til innhold

Foreslår kutt for hjartepasientar

Helse Møre og Romsdal foreslår å kutte i hjarterehabiliteringstilbodet. På ei intern Facebookside uttrykker tilsette ved sjukehuset i Ålesund bekymring over forslaget, der ei 40 prosent sjukepleiarstilling og ei 50 prosent fysioterapeutstilling kan forsvinne. Klinikksjef Jorun Bøyum seier at avdelinga jobbar med risiko- og sårbarheitsvurdering av korleis dei skal vareta eit godt tilbod til pasientane. Det blir gjort ei samla vurdering av forslaga, før det blir bestemt kva tiltak som skal gjennomførast. Helseforetaket skal kutte tilsvarande 130 årsverk frå nyttår.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL