Hopp til innhold

Foreslår investeringar i Ålesund og Volda

Administrasjonen i Helse Møre og Romsdal går inn for omfattande investeringar ved sjukehusa i Ålesund og Volda. Tillitsvalde meiner det hastar og fryktar forseinkingar.

Ålesund sjukehus

Fasaden på Ålesund sjukehus er alt under oppussing. No er også ny straumforsyning på veg. Men dei tillitsvalde fryktar utsetjingar og overskridingar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Straks utbygginga av det nye felles sjukehuset for Nordmøre og Romsdal blei vedteke, starta Helse Møre og Romsdal med ein plan for korleis sjukehusa på Sunnmøre skulle utviklast. Til no har pengane og dei konkrete utbyggingsvedtaka mangla. Det skal det no bli slutt på. Onsdag i komande veke vedtek styret i Helse Møre og Romsdal etter alt å døme ei storstilt utbygging i Ålesund og i Volda.

  • Ålesund sjukehus skal få ny straumforsyning.
  • Habiliteringsbygget i Ålesund skal renoverast og byggast om.
  • Poliklinikkane og dagbehandlinga i Volda skal få betre lokale.

Fleire prosjekt må vente

Dette betyr imidlertid at ikkje alle prosjekta som er omtalt i den bygningsmessige utviklingsplanen for sjukehusa på Sunnmøre blir realiserte i denne omgang.

– Omfanget og finansiering av alle tiltaka i planen er ikkje på plass. Det er imidlertid viktig å få realisert andre tiltak innanfor tilgjengeleg likviditet. Det står att om lag 204 millionar kroner, og administrerande direktør ønskjer å prioritere nokre av tiltaka innanfor tilgjengeleg finansieringsramme, heiter det i dokumenta stom blir lagde fram for styret.

Viktig straumforsyning

Straumforsyninga til Ålesund sjukehus er i stor grad like gamal som sjukehuset sjølv. Sjukehuset blei teke i bruk i 1971. Etter den tid har den tekniske utviklinga vore stor, mellom anna er det nye krav til straumforsyning til moderne medisinteknisk utstyr.

Det meste av straumforsyningsanlegget frå 1971 må skiftast ut. Mellom anna har naudstraumsaggregata for liten kapasitet til å dekkje heile sjukehuset.

Ny straumforsyning kostar meir enn 50 millionar kroner, byggjearbeida skal starte i 2020 og byggetida er på to år. Prosjektet må godkjennast av styret i Helse Midt-Noreg.

Habiliteringsbygget

I 2019 kjøpte Helse Møre og Romsdal det gamle bygget til Hjelpemiddelsentralen, like ovanfor sjukehuset på Åse. Her skal habiliteringstenesta samlast. Prosjektet har vore kostnadsrekna til 20 millionar kroner. Helse Møre og Romsdal arbeider no for å få kostnadene ned. Den endelege finansieringa skal vedtakast seinast i oktober, og det er meininga å flytte inn i bygget sommaren 2021.

Hjelpemiddelsentralen

I fjor kjøpte Helse Møre og Romsdal lokala til Hjelpemiddelsentralen. Her skal habiliteringstenesta samlast.

Foto: NRK

Investeringar i Volda

I utviklingsplanen for bygningane ved sjukehuset i Volda ligg det også inne omfattande forslag. Særleg har det vore arbeidd med nytt akuttmottak, areal for betre pasientlogistikk og meir areal til poliklinikkar og anna dagbehandling.

Her har utrekningane vist at dei omfattande planane kostar langt meir enn det helseføretaket har klart å finne finansiering til.

– For at prosjektet skal kunne gjennomførast innanfor tilgjengeleg likviditet må kostnadene reduserast vesentleg, heiter det i styredokumenta.

Forslaget som ligg føre no inneber at det skal reisast eit tilbygg der akuttmottaket og deler av poliklinikkane er tenkt plassert. I tillegg blir det litt ombygging i første etasje.

– Vi må truleg tenkje heilt nytt i høve til behov og tilpassingar for å oppnå målet om betre pasientlogistikk og meir funksjonelt areal til poliklinikkar og dagbehandling, heiter det i styredokumenta.

Store deler av hausten 2020 kjem til å gå med til å sluttføre planleggingsarbeidet, framgår det av forslaget som skal opp til styrebehandling onsdag.

Volda sjukehus

Volda sjukehus skal få betre lokale. Men detaljplanane blir ikkje klare før til hausten.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Støtte frå tillitsvalde

I ein drøftingsprotokoll framgår det at dei føretakstillitsvalde støttar planen , men at dei vonar at også ei omfattande oppgradering av datasystemema kunne gjennomførast samstundes.

– Enkelte av behova er påtrengande og investeringstiltaka må sikrast framdrift, skriv dei tillitsvalde. Dei presiserer også at det er viktig å byggje for framtida, og spør om det er realistisk å realisere planane innanfor tilgjengelege rammer.

Prosjekta som må vente

Styret i Helse Møre og Romsdal skal også behandle ei sak som handlar om prosjekta i utviklingsplanen som ikkje er finansierte i denne omgang. I forslaget heiter at styret ønskjer at det blir etablert eit prosjekt for gjennomføring av desse utbyggingane.

Dette gjeld følgjande prosjekt ved Ålesund sjukehus:

  • Akuttmottak, inklusiv korttidspost
  • Intensivavdeling
  • Operasjonsavdeling

Utolmodige tillitsvalde

Arbeidet med å planlegge utbygginga av sjukehusa i Ålesund og Volda har gått føre seg i fleire år. Og representantane for dei tilsette er frustrerte over at arbeidet har teke lang tid. Særleg gjeld dette prosjekta som no blir sende ut på nye utgreiingar.

– Organisasjonane og vernetenesta er skuffa over manglande framdrift i denne saka. For at prosjektet skal ha truverd hjå dei tilsette, og for å sikre god og effektiv pasientbehandling er det viktig at tidsplanen blir halden, heiter det i ein protokoll der saka har vore oppe til drøfting med dei tilsette.

I protokollen heiter det at dei føretakstillitsvalde er uroa for framtidige forseinkingar og økonomiske overskridingar.

– Omdømet vårt toler ikkje eindå ei utsetjing. Vi forventar at prosjektet blir sikra høg prioritet, god styring og tilstrekkelege ressursar og medverknad, heiter det i ei fråsegn frå dei føretakstillitsvalde.