Hopp til innhold

Foreslår fjordkryssingstakstar

Vegvesenet har kome med ei oversikt over bompengenivået på E39 når det blir ferjefritt over Romsdalsfjorden. Seniorrådgjevar Håvard Austvik (biletet) la fram forslaget på eit folkemøte i Midsund i kveld. Nokre grupper trafikantar vil betale meir for sjølve fjordkryssingane enn med ferje, medan andre vil betale mindre, ifølgje pressemeldinga. Samanlikna med autopass-ferje vil personbilar med rabatt betale 40 prosent meir med ferjefri veg enn med ferja. Men desse treng ikkje å betale inn forskotsbeløpet som ein må i dag for å få rabatt. Personbilar som ikkje nyttar seg av rabattmoglegheita på ferja i dag må derimot betale mindre i det faste sambandet. På Molde-Vestnes kostar det i dag 205 kroner med autopass for ein personbil. Med rabatt blir det 103 kroner. Ferjefritt vil takstane for personbil bli på om lag 180 kroner før rabatt, melder vegvesenet. Mange reknar oversikta frå vegvesenet som ei gladnyheit, sidan det var frykta at det kunne koste mellom 500 og 1000 kroner å køyre mellom Molde og Ålesund.

Håvard Austvik
Foto: Roar Strøm / NRK