Hopp til innhold

Vil opprette eit havdepartement

– Forvaltninga av havressursane bør bli samla i eit stort havdepartement, seier administrerande direktør i Fiskebåt, Audun Maråk

Sildefiske, Audun Maråk innfelt

Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt, vil ha eit nytt havdepartement.

Foto: LISA POOLE/pressefoto/montasje / AP/Fiskebåt

Både Høgre og i Frp har sagt at dei ynskjer å redusere talet på departement. Resultatet kan bli at Fiskeridepartementet forsvinn. Enkelte vil flytte det inn i eit stort Næringsdepartement. Andre vil at alt som har med kysttransport å gjere skal bli ein del av Samferdsledepartementet.

Å fjerne fiskeridepartementet er eit dårleg forslag, meiner Audun Maråk. Han er administrerande direktør i Fiskebåt, tidlegare Fiskebåtredernes forbund. Dei vil gå heilt motsett veg.

– Vi er eit havland og dei maritime næringane vert stadig viktigare. Difor bør vi opprette eit eige Havdepartement med ei større ansvarsområde, seier Maråk.

LES OGSÅ:

Fleire oppgåver

I tillegg til dagens oppgåver i Fiskeri og kysdepartementet, bør forvaltning av ressursane og strategisk arbeid leggjast til det nye departementet, meiner fiskebåtforbundet. Maråk for seg at ein del av oppgåvene som i dag ligg hos Miljøverndepartementet, vert flytta.

– Havet er ein av dei viktigaste stadane der verdiskaping vil skje i framtida, seier Maråk.

Feil signal

Kva konsekvensar får det dersom Høgre og Frp no legg ned Fiskeridepartementet?

– Det gir eit feil signal sidan alle er samde om at det er kysten og havet vi skal leve av i framtida, seier Maråk.

Han har lita tru på at det vil skje no når fleire parti skal danne regjering og alle partia vil ha posisjonar.