Hopp til innhold

Foreslår å kutte tilskotet

Flyruta mellom Ørsta-Volda og Gardermoen går så godt at samferdselsdepartementet vil gjere ruta heilkommersiell.

Ørsta-Volda lufthamn

Trafikken på Ørsta-Volda lufthamn Hovden har auka kraftig dei siste åra. Spesielt ruta til og frå Oslo har hatt ein enorm vekst.

Foto: Odd Sørås / NRK

Tilbodskonkurransen for det regionale kortbanenettet i Sør-Noreg er no ute på høyring, skriv Mørenytt.

Høyringsforslaga tek utgangspunkt i ein rapport utarbeidd av Transportøkonomisk institutt. Blant anna vert rutene mellom Fagernes-Oslo og Førde-Bergen foreslått lagt ned på grunn av låge passasjertal og høge støttebeløp.

Går med overskot

Rutene på Florø og mellom Ørsta-Volda og Oslo er det derimot liv laga. Ifølgje rapporten er nemleg desse rutene er så trafikksterke at dei kan drivast på kommersiell basis utan at det går utover rutetilbodet.

Oslo-ruta til Ørsta-Volda lufthamn Hovden har auka frå 20 000 årlege passasjerar i 2007 til nærare 100 000 passasjerar i 2013. Rapporten til Transportøkonomisk institutt spår dessutan at ruta vil auke med ytterlegare fire prosent til 2016.

I 2013 skal utgiftene per passasjer ha vore på 950 kroner, medan inntektene ligg på 1040 kroner- altså eit overskot på 90 kroner per snute. Instituttet meiner derfor at det er fullt mogleg å få til lønnsam kommersiell drift på ruta.

Høgare prisar

Dersom drifta av Hovden-Oslo-strekninga vert kommersiell, kan det også bety at prisane vert høgare på enkelte avgangar.

I rapporten heiter det at « ... det vil være klart lønnsom for operatøren å øke prisene, i alle fall på de mest populære avgangene.»

Lufthamnsjef Sverre Bae til NRK seier han har lest rapporten og ventar no på avgjersla, men har elles ingen vidare kommentar til innhaldet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL