Langt ute i havgapet finn ein Ona. Eit idyllisk, lite øysamfunn som er i full drift.
Øya har berre 16 fastbuande, men likevel finn ein mellom anna to keramikkverkstadar, restaurant, strikkekafé og pub.
No fryktar innbyggjarane at alt dei har jobba for blir borte, og at øya vil døy.
Administrasjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune foreslår nemleg å leggje ned ferja.
Ferja som opptil fem gonger om dagen fraktar både fastbuande og besøkjande, ønskjer dei å erstatte med ein skyssbåt som går tre gonger i veka.
Ferja «MS Kvaløy» går til både Ona, Sandøya, Orta og Finnøy.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKMen det er ikkje berre Ona som blir ramma dersom politikarane i fylkeskommunen vel å gå med på forslaget. Her kan du sjå forslaga som er lagt fram:
Stor frustrasjon og skuffelse
– Dette synest både eg og alle ute her er heilt horribelt. Det kan ikkje bli gjennomført.
Det seier Hilde Sørmoen, som er fastbuande på Ona og drivar av strikkekafeen. Ho forklarer at øyfolket her er svært prega av forslaget som vart lagt fram.
Arkivbilde: Hilde Sørmoen til høgre er overtydd om at ho må leggje ned strikkekafeen viss forslaget om å kutte ut ferja går gjennom.
Foto: NRK– Folk har fortalt meg her at dei har lege søvnlause etter at dei fekk vite dette. Uvissa breier seg jo. Vi tenkjer jo framover, for viss det ikkje går gjennom denne gongen, så kanskje prøver dei seg igjen om nokre år. Det skaper stor utryggleik her ute.
Og går forslaget gjennom, kan ho berre leggje ned drifta si, seier ho.
– Vi driv næring her ute som vi då kan skrinleggje heilt. Vi mistar alle turistar, og feriefolket forsvinn jo, seier Sørmoen.
Arkivbilde: Sindre Tverfjell, driv av Hustadvika Adventures, kjenner særleg næringa på øysamfunnet blir sabotert av fylket.
Foto: Terje Reite / NRKOgså Sindre Tverfjell, som driv Hustadvika Adventures, trur at han må leggje ned både puben og hytteutleiga om ferja forsvinn.
– Det er hårreisande. Det er ein regelrett tvangsavfolking. Spøkjelset frå 70-talet er tilbake att. Berre forslaget er ein tragedie i seg sjølv, seier Tverfjell.
Dei fire siste åra har det vorte lagt inn ein stor innsats for å byggje opp og få i gang fleire tilbod til både dei besøkjande og dei fastbuande på øya. Mellom anna puben og strikkekafeen.
Øya har vorte ein turistmagnet, og Tverfjell seier dei føler at det no blir sabotert frå fylket.
Her er ferja «MS Kvaløy» på veg inn til Ona. Det kan det bli slutt på.
Foto: Roar Strøm– Kniven i hjartet på tre øyar
– Eg er forbanna over at vaksne folk kan kome ut med noko sånt, seier skipper på ferja, Arve Linningvsoll.
I omtrent tjue år har han frakta både turistar og fastbuande til øyane Ona, Sandøya, Finnøya og Orta. No er han eigentleg pensjonist, men tek på seg vakter av og til likevel.
Når han ikkje er på jobb, held han til på Sandøya, som har over 30 fastbuande.
Arve Linningsvoll, ferjeskipper, fryktar at øyane døyr ut dersom forslaget går gjennom.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK– Det er ikkje mogleg å eksistere her utan ferje. Det er berre å gløyme. Det er folk som skal på jobb dagleg, det er industri, folk som har satsa tungt på turisme – alt liv her på øya er avhengig av ferja. Det er hjartet i alle øysamfunn.
Ferjemannen trur det blir ei massefråflytting dersom forslaget går gjennom.
– Då set dei kniven i hjartet på tre øyar.
Han ser det som umogleg at øyane skal overleve utan ferja. Etter å ha ført ferja i mange år, har han god kjennskap til kor mange som bruker ho.
– Særleg no når det er vår og sommar, då merker vi ei stor auke. Også når det er helg og i feriar – då er ferja «peise» full, seier Linningsvoll.
– Ei prinsippsak
Fylkeskommunedirektør, Toril Hovdenak, seier at denne saka er ei prinsippsak, der føremålet med forslaget er å etablere ein standard som sikrar eit likeverdig tilbod til like bygder eller øysamfunn i fylket.
– Fordi vi ser det er vilkårleg kva tilbod som er på ulike stader, seier Hovdenak.
– Er dette mogleg å gjennomføre? Det bur jo folk der?
– Ja, det bur folk der. Dei kjem ikkje til å vere utan eit tilbod. Det vi foreslår no er på linje med det nabofylka våre har av tilbod. Dette er i tråd med standarden andre har etablert.
– Vi bruker 200 millionar kroner meir i året enn det staten gir oss av pengar til ferjedrift, seier Toril Hovdenak, fylkeskommunedirektør i Møre og Romsdal.
Foto: Remi Sagen / NRKHo forklarer at kvar enkelt strekning vil bli vurdert kvar for seg, med konsekvensar og berekning av økonomien.
– Vi tek ikkje stilling til sambandet Ona og omliggjande øyar eksplisitt no, men no er spørsmålet om vi skal definere ein sånn type norm eller standard, og korleis den eventuelt skal sjå ut.
– Uaktuelt
Leiar i samferdselsutvalet, Kristin Sørheim (Sp), seier dette er ei sak dei sjølv har bestilt. Ho trur det er bra at fylkeskommunen, som andre kystfylke, har eit prinsipp om korleis ein skal legge til rette for kollektivtilbod.
– Men det når det gjeld forslaget som er lagt fram av fylkeskommunedirektøren, går ikkje vi inn for det. Det er uaktuelt for Senterpartiet og Arbeidarpartiet.
Kristin Sørheim (Sp), leiar for samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, seier dei ikkje går med på forslaget.
Foto: Eirik Haukenes / NRKDei ønskjer altså ikkje å kutte eller legge ned tilbodet for Ona, Sandøya og Orta, ifølge Sørheim.
– Men eg tippar vi går inn for eit prinsipp på kva som skal vere minimumstilbodet til ein del sånne småsamfunn.
Saka skal behandlast i Samferdselsutvalet i fylkeskommunen onsdag 31. mai. Deretter kjem saka opp i Fylkesutvalet 8. juni, før det blir sluttbehandling i Fylkestinget 19. juni.