Hopp til innhold

Norske foreldre uroar seg for «feil» ting

Undersøkingar viser at den største uroa til norske foreldre er at det skal skje noko med borna deira som dei ikkje er skyld i sjølve.

Eskil og Andreas Flem

Andreas Flem (t.h) trur ikkje at det er store sjansar for at sonen skal rote seg opp i trøbbel.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Elisabeth Staksrud

Mediedieviter Elisabeth Staksrud meiner at norske foreldre uroar seg for feil ting.

Foto: UiO
Eskil og Andreas Flem

Eskil (t.v.) trur at det er større sjanse for at han rotar seg opp i trøbbel enn at nokon andre har skulda for det.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Medieviter Elisabeth Staksrud seier at norske foreldre uroar seg for «feil» ting.

– Vi føler gjerne at vi kjenner våre eigne born. Ofte er det vanskeleg å sjå føre seg at dei skulle kunne ha ein uakseptabel åtferd. Men det er likevel viktig å vere uroleg for borna, seier medievitar Elisabeth Staksrud.

Staksrud understrekar at det ikkje er verdt å uroe seg for mykje.

Sjølv skyld i det som skjer?

Ho har skrive boka «Digital mobbing», og spurte eit representativt utval av foreldre med born mellom 9–16 år kva som uroa dei. Ho fann ut at alle foreldra uroa seg for borna, men ikkje for den grunnen ein skulle tru.

Mens undersøkinga viste at 34 prosent av norske foreldre ikkje er svært uroa for noko som helst. Det meiner ho er bra.

No kjem ho med ein brannfakkel til norske foreldre. I undersøkinga fann ho ut at dersom det skulle skje noko urovekkande med borna dine, så er det stor sjanse for at dei sjølve er skyld i det som skjer.

– Om ein ser nærmare på statistikken så vil ein kanskje forstå at det er verdt å følgje litt meir med på borna sine, om dei skulle kunne finne på dumme ting mot andre, og ikkje berre uroe seg for ting utanfrå som kan råke dei, seier Staksrud.

I den internasjonale undersøkinga «EU Kids Online» viste det seg at foreldre, på internasjonal basis, er mest uroa for korleis borna deira gjer det på skulen, medan norske foreldre er meir uroa for at noko skal skje med borna deira.

Trur det beste om sonen

Andreas Flem er far til 13-åringen Eskil Flem. Og han trur ikkje at det er store sjansar for at sonen skal rote seg opp i trøbbel.

– Om det skulle skje noko som er verdt å uroe seg før så er det nok mest sannsynleg at det er noko som kjem utanfrå, konstaterer faren.

Eskil har eit anna syn på denne saka enn faren.

– Eg trur nok det er større sjanse for at eg rotar meg opp i trøbbel enn at noko skal hende med meg, seier Eskil.

Og Eskil er nok meir i tråd med Staksrud sine funn.

– Vi er uroa for borna våre som nokon som nokre slemme skal kome og gjere noko med, men v ser dei ikkje nokon som sjølve kan vere aktive og gjere fæle ting mot andre, seier medieviteren.

– Bra å uroe seg

Staksrud meiner at det er bra å uroe seg for borna. Ho seier at det vi uroar oss for seier noko om korleis vi vil hjelpe borna våre.

– Uroar vi oss for feil ting kan vi lett oversjå ting som er meir verdt å ta tak i. For eksempel at borna drikk for mykje, stel i butikken og kjem i klammeri med politiet eller at dei har sex i ung alder. Dette er ting som norske foreldre ikkje uroar seg mykje for, seier forfattaren.

Pappa, Andreas, synest det er vanskeleg å vere objektiv når det er snakk om sin eigen son.

– Du trur kanskje det beste om dine eigne born. Eg ser at det kan vere eit problem.

– Ikkje uroa for noko som helst

Staksrud seier at mange norske foreldre godt kunne vore meir kritiske til sine eigne born.

– Når noko først skjer. For eksempel at barnet dit har lagt ut stygge meldingar på internett eller vore slem med nokon på ein eller annan måte så er det mange foreldre som freistar å bagatellisere det. Den magefølelsen mange foreldre har i forhold til sine eigne born stemmer ikkje alltid med verkelegheita.

– Stort sett så tenkjer foreldre at borna klarer seg heilt fint. Og det gjer dei oftast og.

Pappa, Andreas, er heilt einig:

– Han Eskil verkar til å vere ein solid kar, så eg satsar på at det går bra med han.

Denne grafen viser kva norske foreldre er uroa over, og er henta frå boka «Digital mobbing: Hvem, hvor, hvordan, hvorfor – og hva kan voksne gjøre?» skrive av Elisabeth Staksrud. Opplysningane er henta frå den internasjonale undersøkinga «EU Kids Online».

Norske foreldres bekymring
Foto: Fra boken Digital mobbing av Elisabeth Staksrud