NRK Meny
Normal

Foreldre reagerer på tap av sentrumsnære barnehageplassar

Ordføraren fortel om fortvilte foreldre som har bede om hjelp. No lover han å leite etter ei løysing.

Sykkylven kommunestyremøte

Ordføraren i Sykkylven har fått fleire reaksjonar frå småbarnsforeldre, etter eit vedtak i kommunestyret. Vedtaket fører til færre barnehageplassar i sentrum.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing

Ordføraren i Sykkylven har fått fleire reaksjonar frå småbarnsforeldre. Vedtaket i kommunestyret fører til færre barnehageplassar i sentrum – og med det kjem fortvilte foreldre.

Ordførere i Sykkylven

Ordførar i Sykkylven, Petter Lyshol, ønskjer å finne ei løysing, fortel han til dei fortvilte foreldra.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Eg har blitt nøydd til å sjå etter alternativ, slik at situasjonen blir betre for foreldra, men også for resten av bygda, seier Høgre-ordførar Petter Lyshol.

Men han har ikkje kome i mål – i alle fall ikkje enno. Ordføraren ser helst at saka ikkje vert tatt opp att i kommunestyret

– Det er ikkje ønskeleg å ta opp att ei sak som er fatta i fleirtal, men det er ikkje utelukka.

Lyshol fortel at dei kan måtte ta opp saka på nytt viss dei ikkje finn andre løysingar. Statistikken tilseier at det blir 25–30 færre barn i barnehagane i Sykkylven neste år.

Det var Sykkylvsbladet som først omtalte saka.

I rådmannen sitt utkast til budsjett 2015 vart det med bakgrunn i barnetalsutvikling og behov for kostnadsreduksjon foreslått eit kutt innan barnehagesektoren med 2,4 millionar kroner.

Ved nedlegging av totalt 27 barnehageplassar sparer kommunen over 1,9 millionar kroner på fem månader – og endå meir følgjer med ved kutt av årsverk i dei ulike kommunale barnehagane.

Her kan du lese heile saksframlegget frå rådmann May-Helen Molvær Grimstad.

Takkar nei til sentrumsfjern barnehage

Kanutte Roald frå Sykkylven skal til hausten ha sonen sin i barnehage – og ho har fått plass i barnehage, men den ligg så langt unna at det ikkje er mogeleg for familien å takke ja til plassen.

Dei ønskjer seg barnehageplass nærmare sentrum – men slik som det er no, er ikkje det mogleg.

– Konsekvensane for oss er at vi får veldig lang veg å pendle, fortel Roald.

Ho jobbar i Ålesund, men barnehagen ligg i motsett retning, og det let seg ikkje gjere for familien å bruke så mykje tid på pendling, meiner ho.