Hopp til innhold

Fødd i veke 25: Gler seg til å reise heim med Trym

Foreldra til premature Trym har grudd seg til å bli utskrivne frå sjukehuset i Ålesund om nokre veker og dra heim til Kristiansund. No ser dei lysare på heimreise sidan barneavdelinga i heimbyen får eit helgetilbod.

Iselin Landbakk og Leif Megård

Om nokre veker får Iselin Landbakk og Leif Megård ta med vesle Trym heim til Kristiansund. For dei er det viktig at barneavdelinga i heimbyen er helgeopen, dersom Trym får pustevanskar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ei mor og ein far pakkar koffertar og bagar og skriv seg ut av pasienthotellet i Ålesund etter 16 veker her. Dei skal ikkje langt. Berre nokre meter unna ligg barneavdelinga og i dag flyttar dei inn på eit familierom på barneavdelinga. På dette rommet skal også vesle Trym vere så mykje han kan.

– Det er ein merkedag og vi skulle ha heist flagget, smiler mamma Iselin Landbakk (24). Om kanskje fire veker får familien flytte heim til Kristiansund.

Trym Landbakk Megård

Trym vart fødd i veke 25 og er avhengig av pustehjelp.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Får hjelp i helgene

Det er ikkje berre den personlege sigeren som gjer henne og pappa Leif Megård så glade. I dag har styret i Helse Møre og Romsdal vore samla og bestemt at sjukehuset i Kristiansund skal få barnelege i helgene. Sidan oktober har barneavdelinga vore helgestengd, og sjuke barn har blitt frakta til Ålesund eller Trondheim.

– Vi skal heim med ein baby som er avhengig av pustehjelp. Det betyr mykje å vite at vi kan få hjelp i Kristiansund dersom han vert akutt dårleg, seier pappa Leif Megård (31).

LES:

Kritisk for babyen

Trym kom til verda heile 15 veker før tida og var berre 710 gram og 30 centimeter. Mor fekk alvorleg svangerskapsforgifting og vart frakta frå Kristiansund til sjukehuset i Ålesund. 10. november vart babyen tatt med keisarsnitt.

– Det var kritisk for Trym og vi måtte ta time for time. Vi fekk høyre at han kunne døy, fortel Leif Megård.

I døgn etter døgn kjempa babyen for livet. Foreldra fekk berre kike på han gjennom glasboksa og han var så tildekt av slangar at det var så vidt dei såg han.

– Det var eit sjokk å sjå han. Han var veldig liten og eg trur ikkje det gjekk opp for oss at vi hadde blitt foreldre, seier Iselin.

Iselin Landbakk med babyen Trym

Når familien kjem heim får dei nattevakt og hjelp frå heimesjukepleia.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Repirator

Sidan han var fødd så altfor tidleg, var ikkje lungene modne og han kunne ikkje puste sjølv. Totalt har Trym ligge ni veker på respirator og det har vore mange kritiske episodar.

– No gler vi oss til heim, sjølv om det også blir litt skummelt. Han er meir utsett for luftveginfeksjonar, seier foreldra.