NRK Meny
Normal

Foreldre drar dugnadslasset

Frivillige skapar verdiar for over éin milliard kroner årleg. Den typiske dugnadsarbeidaren er foreldre som ivrar for barnas fritidsaktivitetar.

Handballkamp med foreldre på sidelinja

Foreldrene sit på tribunen når barna i Spjelkavik IL spelar kamp.

Foto: Spjelkavik IL

Stian Slotterøy Johnsen

Stian Slotterøy Johnsen, assisterande generalsekretær i Frivillighet Norge, trur foreldre er positive til dugnadsarbeid.

Foto: Mattis Rolighed Bergset / NRK

Tusenvis av liter med vaffelrøre og fleire tonn med skuffekaker vert laga rundt om i norske heimar på dugnad. Nesten halvparten av befolkninga i landet bidrar med frivillig arbeid. Denne ulønt innsatsen utgjer nesten 115 000 årsverk, viser forsking. Mangfaldet i frivillig innsats er enorm med alt ifrå idrett til humanitært arbeid.

Stian Slotterøy Johnsen er assisterande generalsekretær i Frivillighet Norge og vitja kulturkonferansen i Ålesund. Dei ser at folk som gjer frivillig arbeid er annleis enn for 20–30 år sidan. No ynskjer nødvendigvis ikkje folk å vere fast medlem av ein organisasjon, men engasjerer seg heller i konkrete prosjekt og saker.

Foreldre gjer mest

– Dei som gjer mest frivillig arbeid er foreldre. Dei fylgjer opp ungane sine fritidsaktivitetar og er svært aktive, seier Slotterøy Johnsen.

Han trur foreldre er positive til dugnad i idrettslaget eller korpset, sjølv om det kan opplevast som eit ork der og då.

Ikkje alle har tid

Kari Andreassen, Spjelkavik IL

Kari Andreassen er sekretær i handballaget til Spjelkavik IL.

Foto: privat

Handballaget i Spjelkavik idrettslaget er avhengig av frivillig innsats. Kari Andreassen har to barn på 11 og 14 år som er med på handball og dermed vert det mykje dugnadsarbeid. Sidan ho er sekretær i handballaget får ho betalt for fem timars arbeid i veka. Ho seier at det varierer kor mykje dugnad foreldre ynskjer å vere med på.

Foreldr3 på dugnad

Foreldra må bidra både med kakebaking og med arbeid undervegs i kampane.

Foto: Spjelkavik IL
Trening, Spjelkavik IL

Mange foreldre bidrar som trenarar for barna sine. Her er handballgruppa i Spjelkavik IL i sving.

Foto: Spjelkavik IL

– Nokon har aldri tid og prioriterer andre ting, medan andre alltid seier ja. Det er ofte dei same som går att, seier Andreassen. Ho erfarer at dei aller fleste har det kjekt under dugnaden, sjølv om det kunne kjennest som eit ork då innkallinga kom.

Fell utanfor

52 prosent av innbyggjarane i Noreg deltar ikkje i frivillig arbeid. Stian Slotterøy Johnsen understrekar at mange av desse truleg har vore frivillige før, men kanskje har fått vaksne barn. Enkelte grupper deltek mindre i dugnadsarbeid enn andre. Dette er unge vaksne som har droppa ut av skulen og har låg inntekt.

– Tendensen er at dei som fell utanfor i samfunnet også fell utanfor i frivillig arbeid, seier Slotterøy Johnsen.