Hopp til innhold

Foreldra til Benjamin (7) fryktar nye allergiråd er livsfarlege

ØYRA SKULE, VOLDA (NRK) Ekspertar rår frå nøtteforbod ved skular og i barnehagar. – Ein livstrugande situasjon er ikkje noko ein leikar med, svarer pappaen til allergiske Benjamin (7).

Knut André Olsen og Benjamin Olsen

Pappa Kai André Olsen tek ingen sjansar når det gjeld peanøttallergien til sonen Benjamin. Han er redd ein provokasjonstest kan vere livstrugande for 7-åringen.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Han blei heilt pudding og fekk problem med å puste. Det var verkeleg dramatisk.

Slik beskriv pappa Kai André Olsen kva som kan skje dersom sonen får i seg ein liten bit med peanøtter. Benjamin er allergisk mot ei rekkje matvarer, men det er nettopp peanøttallergien som kan vere livstrugande.

På Øyra skule i Volda, der 7-åringen går i andreklasse, er det difor totalforbod mot peanøtter. I skapet ligg adrenalinpennar dersom uhellet skulle vere ute.

– Eg kan døy, det er bra at lærarane passar på meg, forklarer Benjamin Olai Olsen.

Benjamin går i 2. klasse ved Øyra skule

På Øyra skule er det ingen som et peanøttsmør på skiva når det er matpause. Skulen gjer det dei kan for at Benjamin Olai Olsen og foreldra hans skal føle seg trygge.

Foto: Remi Sagen / NRK

Meiner born bør testast for nøttestøv

Totalforbod som dette omtalar derimot Helsedirektoratet som unødvendig, kjem det fram i ein rettleiar til skular og barnehagar om nøtteallergi som kom i vår. Der blir det også peika på at born bør testast for om dei toler nøttestøv, før skulen forbyr nøtter.

– Det stiller eg meg heilt uforståande til. Ein livstrugande situasjon er ikkje noko ein leikar med, seier Kai Andre Olsen.

For kvar allergiske reaksjon Benjamin får på peanøtter, blir den neste reaksjonen verre. Difor har legane ved sjukehuset i Ålesund sagt at ein ikkje kan teste kor lite eller mykje som skal til.

– Vi ser absolutt ingenting

I Oslo er barnelege og allergolog, Bente Kvenshagen, i gang med ein studie der 1200 born med peanøttallergi skal lukte på nøtter for å avdekke om dei reagerer på luftbore nøttestøv.

– Det er for deira eigen tryggleik og for å finne ut kor alvorleg allergi dei har. Vanlegvis ser vi absolutt ingenting. No har eg gjennomført 40 kontrollerte provokasjonar i denne studien, og det einaste vi har sett så langt er at nokon kan få eit bekymra blikk., seier Kvenshagen

Kva seier det deg?

– Sannsynlegvis kan vi la alle born få vere i nærleiken av peanøtter utan at det er noko fare for dei, sjølv om dei har veldig alvorleg peanøttallergi, seier ho.

– Farleg å teste kvar grensa går

Benjamin Olai Olsen

Benjamin Olai Olsen held seg unna mange matvarer på grunn av allergien sin, men er mest forsiktig når det gjeld peanøtter.

Foto: Remi Sagen / NRK

I Volda er heile familiesituasjonen prega av allergien til Benjamin. Han held seg unna både kinoar, hotell, fotballcupar og butikkar med nøttebarar.

Ifølgje sjukehuset i Ålesund tilrår dei oftare ein støvtest før skulane innfører nøtteforbod, men foreldra er ikkje overbeviste.

– Eg tenkjer i utgangspunktet at det vil vere ein veldig farleg test. Når han får ein reaksjon ved ein provokasjonstest, så vil den reaksjonen kunne vere livstrugande. Det som er bagatellar for éin person, kan stå om livet for ein annan, seier Kai André Olsen.