Førehandsrøystinga startar no

Den ordinære førehandsrøystinga til haustens kommune- og fylkestingsval startar i dag. – Dersom du røystar no og endrar meining i løpet av valkampen, så kan du ikkje ombestemme deg, seier Marianne Lianes i valsekretariatet i Nye Molde kommune. Mange nyttar sjansen til å førehandsrøyste, mellom anna fordi dei ikkje har høve på sjølve valdagen, måndag 9.september.

Marianne Lianes i valsekretariatet i Nye Molde kommune.
Foto: Gunnar Sandvik / NRK