Hopp til innhold

Førebudd på at streiken kan bli langvarig

For første gong nokosinne streikar legar ved Ålesund sjukehus. – Nødvendig, seier den lokale streikekomiteleiaren.

Sjukehusstreiken i Ålesund

STREIK: 11 legar ved Ålesund sjukehus blei tatt ut i streik frå og med måndag morgon.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Frå og med måndag morgon blei 11 legar ved Ålesund sjukehus tatt ut i streik som ein del av opptrappinga av sjukehusstreiken. Legane som er tatt ut kjem frå medisinsk avdeling, revmatologisk avdeling, nevrologisk poliklinikk, hudavdelinga og fagavdelinga ved sjukehuset.

Dette er første gong legar ved Ålesund sjukehus går ut i streik.

– Det er ein uvant situasjon for oss, men når vi først streikar så er det fordi dette er ei viktig sak for oss, seier Kristen Rasmussen, leiar av den lokale streikekomiteen.

Kan bli langvarig

Totalt 595 sjukehustilsette ved 15 sjukehus er no tatt ut i streik. Stridens kjerne handlar om legane sine arbeidstidsordningar. Rasmussen seier dei er budd på å streike lenge.

Kristen Rasmussen

Kristen Rasmussen er førebudd på at streiken kan bli langvarig.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

– Streiken har no vart i over tre veker og vi er alle einige om at vi ikkje gir oss. Dette kjem til å vare heilt til Spekter kjem med gode og konstruktive løysingar, og kjem legeforeininga i møte, seier han.

Onsdag har sjukehusstreiken vart i 30 dagar, og partane er dermed kalla inn til tvungen mekling. Samtidig blir det varsla ei ny opptrapping i det som er tidenes lengstvarande sjukehusstreik. Rasmussen håper likevel på ei snarleg løysing.

– Ingenting hadde vore betre enn det. Vi ønskjer ikkje å streike og vi ønskjer heller ikkje at det skal gå utover pasientane, men denne gongen må vi streike heilt til vi får ei god løysning, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL