Aldri før har vi drukke så mykje energidrikk. og det er spesielt barn og unge som elskar dei fargerike boksane.
Regjeringa seier i folkehelsemeldinga at dei er bekymra for det aukande forbruket av energidrikk og vil sjå nærare på moglege tiltak, som aldersgrense.
– Småbarn treng ikkje kjøpe energidrikk, så aldersgrensa bør vere 12 år, meiner Emil Andre Steffensen Teige.
Han går i 8. klasse på Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund og er på butikken i matfriminuttet. I dag unner han seg ein energidrikk. Han kjøper det mest i helgar og feriar, for foreldra likar slett ikkje at han drikk det.
– Det er ganske godt. Det er som ein mild versjon av brus, seier 13-åringen.
I 2022 var det ny rekord i salet av energidrikkar.
Foto: Andreas Vikøren / NRKKritisk til at det ikkje kom aldersgrense
Inger Lise Blyverket er direktør i Forbrukarrådet. Ho er kritisk til at regjeringa ikkje vil innføre aldersgrense på energidrikk no.
Foto: Martin Leigland / NRKMange er bekymra for helsa til barna. Energidrikk inneheld koffein, som kan gje søvnforstyrringar og effektar på hjarte-, kar- og sentralnervesystemet. Syreskadar på tennene er også eit problem.
Forbrukarrådet har kravd 16 års aldersgrensa og er kritisk til at regjeringa ikkje er tydelegare i meldinga som blei lagt fram.
– Det er heilt tydeleg at her er regjeringa fullstendig i utakt med befolkninga. 70 prosent av vaksne ynskjer aldersgrense for å beskytte barn og unge mot energidrikk. Energidrikk er ikkje meint for barn, seier Inger Lise Blyverket, direktør i Forbrukarrådet.
Deira kartlegging viser at gjennomsnittsalderen for å prøve energidrikk første gang er 12 ½ år.
– Dei drikk stadig meir og oftare. Det er alarmerande at regjeringa ikkje viser større handlekraft, seier Blyverket.
Blyverket set no sin lit til at Stortinget tar saka på alvor og innfører aldersgrense.
Mindre koffein
Helseminister Ingvild Kjerkol seier at ein skal sjå på kva grep som kan gjerast med energidrikkar.
Foto: Martin Leigland / NRKHelseminister Ingvild Kjerkol (Ap) seier at det har blitt greia ut tidlegare om ein skal sette ei aldersgrense på energidrikk, men enda opp med å ikkje innføre ei grense.
– Ein har regulert koffeininnhaldet i energidrikkane, seier Kjerkol.
Regjeringa har no gitt eit oppdrag til Mattilsynet og Folkehelseinstituttet som skal sjå på om det er fleire grep ein kan gjere for å hindre dei negative effektane av å drikke mykje energidrikk.
Brage Pilskog synest foreldra mpå bestemme kor tid barna deira skal få lov å drikke energidrikk.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK– Foreldre bør bestemme
På butikken i Ålesund har Brage Pilskog (15) kjøpt Battery. Skulen har innført forbod mot å drikke energidrikk, så han må drikke opp boksen på veg tilbake.
Han drikk opp til sju energidrikkar i veka, men det har aldri gått ut over søvnen
Han meiner det er unødvendig med aldersgrense.
– Eg tenker at dette kan vere opp til foreldra å bestemme for sine barn, seier Pilskog.
14-åringen Lykke Rasch Larsen drikk lite energidrikk. Ho synest rett og slett det er kvalmande. Ho er positiv til å sette ei aldersgrense, men meiner den ikkje bør vere så høg som 16 år. Konsekvensen kan bli at unge då finn andre måtar å skaffe energidrikkar på.
– Det kan vere at dei stel meir fordi dei vil ha det, seier Larsen.
Emil Andre Steffensen Teige, Emil August Standal Eliassen og Lykke Rasch Larsen er på butikken i matfriminuttet.
Foto: Hans-Olav Landsverk