Hopp til innhold

Skal avgjere om lastebilar får køyre her

Tunge køyrety får framleis ikkje køyre forbi rasstaden i Ålvundfjord, men i dag blir det avgjort om vegen opnar over helga.

Ivar Hol

Ivar Hol i Statens Vegvesen seier at det er gjort nye undersøkingar i rasområdet for å avgjere om vegen er trygg for tunge køyrety.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det var måndag 27. mai at det gjekk eit jordras over fylkesveg 670 i Ålvundfjord i Sunndal. Raset gjekk rett ved eit område der det er planlagt eit byggefelt og geologar konstanterte kvikkleire i jordmassene. Medan vegen har vore open for vanleg trafikk, kan tunge køyrety over 7,5 tonn ikkje køyre der.

– Vi har fjerna ein heil del masse på øversida av vegen for å avlaste området der det er mykje kvikkleire, seier Ivar Hol i Statens Vegvesen.

LES OGSÅ:

I går gjorde dei også nye undersøkingar av grunnen, som skal vurderast i dag. Basert på funna vil dei avgjere om det er trygt for tunge køyrety å bruke vegen.

Det er funne kvikkleire 5-6 meter under vegen.

– Vi har eit håp om at vegen skal opne for normal trafikk, men det gjenstår å sjå, seier Hol.

Leirras Sunndal

Leirras Sunndal