Hopp til innhold

Forbikøyring enda i kollisjon

Ein mann i starten av 30-åra er i Møre og Romsdal tingrett dømd til 20 dagar fengsel etter ei trafikkulukke i Surnadal i vinter. Han er også frådømt førarkortet i 12 månader. Mannen hadde røykt hasj natta før ulukka og var rusa. Då han forsøkte seg på ei forbikøyring i ei 50-sone mista han kontroll over bilen og krasja front mot front med ein møtande bil. Ifølgje dommen var det tett snøvêr og glatt på staden. Begge bilane blei totalskadde i ulukka, og begge sjåførane fekk skader i form av beinbrot.

Trafikkulykke i Surnadal
Foto: John Storholt