NRK Meny

førarlaus båt

  • Førarlaus båt funne i Molde

    Hovudredningssentralen (HRS) har sett i gang eit søk etter folk i sjøen på strekninga Julneset – Kringstadbukta i Molde etter meldingar om ein førarlaus båt som stangar mot land. Båten er ein 30 fot stor sjark. HRS vil sette inn eit Sea King-redningshelikopter i søket. Også Redningsskøyta er varsla, og ferjer i sambandet Molde-Vestnes og Molde-Sekken er kalla inn i søket. Det opplyser redningsleiar Jan Lillebø ved Hovudredningssentralen for Sør-Noreg.