NRK Meny

Førar ute av bilen

110-sentralen melder at sjåføren av vogntoget som hamna utfor vegen ved Valsøybotn i Halsa har kome seg ut av bilen. Ulukka har skjedd på E39 ved Oddhaugen. Vogntoget ligg utanfor vegen. Brannvesenet og helsepersonell er på staden og skal ha kontroll på situasjonen.