Hopp til innhold

Forandringsfabrikken ønskjer ny tilsynsordning for fosterheimar

Stiftinga «Forandringsfabrikken» ønskjer at barn som bur i fosterheim skal få peike ut den som skal føre tilsyn med fosterheimane sjølve. I dag blir tilsynet utført av tilsette i kommunane.

Illustrasjonsbilde barn psykisk helse

Illustrasjonsbilde. Mange barn i fosterheim ønskjer å kunne fortelje om opphaldet i fosterheimen til nokon dei kjenner seg trygge på.

Foto: Scanpix / NTB scanpix

Denne veka blei ein fosterfar i Ålesund dømd til fengsel i seks år for seksuelle overgrep mot fosterdotter si. Jenta hadde budd i heimen til fosterfamilien i fleire år, og ifølgje dommen skal overgrepa ha starta då jenta var 12 år.

Som fosterbarn var jenta under kommunal omsorg, og Ålesund kommune skal no gjennomgå rutinane for å sjå om noko meir kan gjerast for å unngå liknande saker. Eit av punkta som skal gjennomgåast er om tilsynet med fosterheimen har vore godt nok.

Profesjonell organisering av tilsyn

Fram til 2014 var det barnevernet sjølv som gjennomførte tilsyn med fosterheimar. I 2014 blei det innført ei ny lov som skil tilsynet frå barnevernet. Norske kommunar har organisert tilsynet på ulikt vis. I Ålesund er det den kommunale Ressursbasen som står for tilsynet.

Felles for alle norske kommunar er at det er tilsett profesjonelt personell som skal stå for tilsynet. Stiftinga «Forandringsfabrikken» er sterkt imot måten tilsynet både er organisert på og måten det blir gjennomført på. Dei ønskjer er ordning der barn og unge i fosterheim kan påverke kven som skal utføre tilsynet.

– Vi har lytta til barn og unge i barnevernet på kryss og tvers av heile Noreg i eit par tiår no. Vi får dei same tilbakemeldingane jamt og trutt. Tilsyn i ein fosterheim må utførast av ein person som barnet kjenner. Dette er heilt grunnleggjande og veldig, veldig viktig, seier Marit Sanner, fabrikkleiar i stiftinga «Forandringsfabrikken».

– Må føle seg trygge

Sanner seier at barn og unge i barnevernet er opptekne av at dei må få peike ut den som skal føre tilsyn sjølve. Dei treng ein som dei kjenner og har tillit til.

– Dei må føle seg trygge på at dette er ein person som dei kan snakke sant til når noko vanskeleg skal forteljast, seier Sanner til NRK.

Ho er kritisk til at tilsynsordninga er blitt meir profesjonalisert. Kommunane har no tilsett personar som fører tilsyn med fleire fosterheimar.

Dette KAN gå bra. Men barn og unge seier at det treng slett ikkje gå bra. Det blir framande folk som kjem inn i fosterheimen fire gongar i året. Det blir for utrygt, seier Sanner.

– Vil peike ut den som skal ha tilsyn

Sanner skisserer ei ordning der barn og unge sjølve får peike ut ein tilsynsperson, men som kommunen skal godkjenne.

Den som fører tilsyn kan for eksempel ikkje vere foreldra til barnet og heller ingen andre som har sterke interesser i saka, seier ho. Det kan vere ein lærar, ein fotballtrenar eller rett og slett ein vakse person som barnet har tillit til, legg ho til.

Sanner seier dette er ei svært viktig sak som svært mange som bur i fosterheim er oppteken av.

Tilsynsordninga er på mange måtar tryggleiksventilen for den som bur i fosterheim. Det er viktig å ha ein person som ein kan snakke med om det er noko som er utrygt, farleg eller vondt. Eller når det er noko som er positivt også, seier Sanner. Fosterbarna er ofte plassert hos folk som i utgangspunktet er framande. Då må det finnast sikre system som gjer at barn og unge tør å fortelje om vanskelege ting, seier Sanner.

I Noreg er no ei ny barnevernslov på trappene. Mykje tyder på at det også kan kome endringar i tilsynsordninga i samband med dette.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no