Hopp til innhold

For lite erfaring?

To rapportar hevdar at mannskapet på "Bourbon Dolphin" hadde for lite erfaring med ankerhandteringsoppdrag.

Bourbon Dolphin
Foto: BOURBON OFFSHORE NORWAY AS / AFP

Ross Watson, towmaster på riggen "Transocean Rather", skreiv i ein rapport 9. april - tre dagar før ulykka - at skipet ikkje hadde nok erfaring for denne typen arbeid og måtte instruerast frå riggen og andre farty om visse operasjonar.

Då Watson vitna for undersøkingskommisjonen i september, var kritikken hans tona kraftig ned, skriv Sunnmørsposten.

Aukande behov for kvalifiserte

Fire dagar etter ulykka skreiv også kaptein Grim Are Bergtun på fartyet "Olympic Hercules" ein rapport der han stilte spørsmål om dei om bord i "Bourbon Dolphin" - spesielt dei på brua - hadde nok erfaring.

Han skreiv også at i dei neste åra kjem det ei mengd ankerhandteringsfarty som skal bemannast. Han føler at mange reiarlag ikkje tar høgde for at det trengst nok kvalifisert personell, men er nøgde berre dei greier å bemanne skipa.

Til Sunnmørsposten seier Bergtun at dei personlege kommentarane hans seinare blei trekte ut av rapporten, og at kommentarane etter hans meining ikkje burde vere ein del av dokumentgrunnlaget til undersøkingskommisjonen.

Reiaren avviser kritikken

I gjennomsnitt hadde skipperen og dei tre styrmennene på "Bourbon Dolphin" arbeidd på ankerhandteringsfarty i åtte månader. - Erfaringa kan sjå ut til å vere lita, seier Norvald Kjerstad, professor i nautikk ved Høgskolen i Ålesund.

- Mannskapet var solide sjøfolk og tilfredsstilte alle krav, seier administrerande direktør Trond Myklebust i reiarlaget Bourbon Offshore. - Vi har interne retningslinjer som seier at skipper og overstyrmann skal ha vore med på fem riggflyttingar før dei kan gå inn i jobben åleine. Desse retningslinjene blei følgde, seier Myklebust til Sunnmørsposten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL