Hopp til innhold

For lita tid for eldre i trafikken

Eldre rekk ikkje å gå over fotgjengarfeltet før det skiftar til raud mann att. No krev Pensjonistforbundet at intervallane blir lengre.

Gangfelt kan være trafikkfeller
Foto: Keilen, Berit / SCANPIX

- Det er akkurat så vidt at det går an å komme seg over for oss som er rimeleg unge og raske, seier leiar i Møre og Romsdal pensjonistforbund, Borge Rørvik. Han krev at intervallane blir lengre.

Eldre overrepresenterte

Eldre personar er overrespresenterte i ulykker der fotgjengerar mistar livet i trafikken. Dei siste 6 åra har 172 forgjengerar omkome i trafikken, og dei fleste av desse var over 70 år.

Leiaren i Møre og Romsdal pensjonistforbund, Borge Rørvik meiner at dei eldre må få betre tid.

Borge Rørvik i Møre og Romsdal pensjonistforbund

Borge Rørvik, Møre og Romsdal pensjonistforbund

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

-Hovudproblemet er at trafikken går for fort, og at bilistane tek seg for lite tid, seier han.

Oline Stenset er ei av dei eldre som er avhengig av stav. Ho må skunde seg dersom ho har tenkt å komme seg over gata innan lyset blir raudt.

- Eg skulle gjerne hatt lengre tid, slik at eg rekk å kome meg over til rett tid, seier ho.

Fekk livet forandra

17.mars 2004 gjekk Rolf Leira over eit fotgjengarfelt ved Hellebroa i Ålesund med to handleposar. Så small det.

- Eg for gjennom lufta som ei filledokke. Eg havna på panseret og blei kasta ved inngangen til Norges Bank, og der vart eg liggande, fortel han.

Leira havna på sjukehus med alvorlege bråtskader i begge lårbeina. Han havna i rullestol og idag bur han i ein omsorgasbustad på grunn av skadane han fekk etter å ha blitt påkøyrd.

Rolf Leira

Rolf Leira fekk livet forandra etter at han blei påkøyrd i eit fotgjengarfelt

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Åra etter ulykka har vore vanskelege. - Eg må ta ein dag av gongen. Det er ikkje anna å gjere med det, seier han.

Han meiner at noko må gjerast slik at bilistane tek det meir med ro når dei kjem til eit fotgjengarfelt.

- Ein kan vel ikkje sette inn stopp-skilt heller, men det skulle ha vore raude skilt før eit overgangsfelt og ikkje blåe,seier han. - Det er ingen tvil om at eldre har for dårleg tid til å komme seg over vegen.

- Må auke intervallane

Distriktsekretæren i Trygg Trafikk i Møre og Romsdal, Øyvind Vebenstad er einig i kravet frå Pensjonistforbundet.

- Ein må auke lengda på grønn mann, slik at eldre greier å komme seg over til rett tid, seier han. Samtidig oppmodar han bilistane til å vise meir omsyn til eldre.

- Me må gje oss sjølv tid i trafikken. Ein rekk ikkje så mykje meir om ein må snaue nokon som går i eit fotgjengarfelt, seier han.