Hopp til innhold

For få vil støtte hjelpefond

Reiarlaget Bourbon er skuffa over kor få som vil vere med å hjelpe dei etterlatte barna gjennom eit hjelpefond som er oppretta.

Bourbon Dolphin
Foto: John Soanes / AP

For få vil vere med å støtte dei etterlatte etter Bourbon Dolphin-ulukka 12 april, gjennom eit støttefond, meiner Trond Myklebust, administrerande direktør i Bourbon. 

Må ha hjelp

Målet med hjelpefondet som Bourbon-rederiet har oppretta er og sikre fremtida og utdanninga til dei 10 etterlatte barna.

- Eg må vel seie at eg er litt skuffa over responsen frå aktørane rundt oss. Me har vel fått om lag ein halv million kroner til no frå eksterne kjelder, seier Myklebust. Dei hadde forventa meir enn dette.

- Me hadde håpt på ein plass mellom ti og tjue millionar kroner i fondet. Bourbon har spytta inn pengar, og sikra eksistensen til fondet, men for å kome opp i det talet må me få inn meir pengar, fortel direktøren.

Administrerande direktør i Bourbon offshore, Trond Myklebust.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Lite marknadsføring

Bourbon hadde håpt at bransjen ville bidra til dette fondet. Då meiner han alt frå dei som designar båtar, dei som leverer utstyr, og reiarlaga.

- Me har nok ikkje marknadsført fondet godt nok, me har ikkje vore veldig aktive. Ein artikkel i Sunnmørsposten der me oppmoda folk om å bidra er det næraste me kjem aktiv marknadsføring, fortel Myklebust.

Han veit ikkje om dei vil gå ut å be folk om pengar, men reknar med folk har fått med seg at fondet eksisterer. Han håper at dei som vil gje pengar vil gjere dette utan å bli oppmoda om det.