Det siste året har vore hektisk for sykkelbod som leverer mat på døra til kundane. Koronapandemien har ført til rekordvekst mellom anna for selskapet Foodora.
Dei leverer mat frå lokale restaurantar. Kvar enkelt kunde bestiller igjennom ein app, og får maten levert på døra. I dag leverer dei mat i 15 ulike byar.
– Det har vore utruleg. Over natta vart vi ein livsnerve for mange verksemder. Veksten har vore på over 150 %, seier fungerande dagleg leiar, Carl Randers.
SELSKAP I VEKST: Fungerande dagleg leiar i Foodora, Carl Randers.
Foto: Foodora NorgeNo gjer selskapet seg klar for å utvide, men det kjem ikkje utan utfordringar.
Heilt sidan Syklistforeningen starta å kåre Noregs beste sykkelby i 2008, har Ålesund vore på botnen av lista.
Utfordrande
Liv Kjersti Finholt kjem passande nok syklande gjennom sentrum frå Ålesund rådhus. Ho har ansvar for å legge til rette for syklistar i Ålesund kommune.
Det er ikkje berre enkelt.
Her er det bilar, bussar, varelevering, parkering, fotgjengarar og syklistar.
– Det er klart det kan vere utfordrande. Det er mange som skal dele ei trong gate, seier Finholt og ser ut over Løvenvoldgata.
AVDELINGSLEIAR: Liv Kjersti Finholt har ansvar for å legge til rette for syklistar i Noregs verste sykkelby.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRKDet er tretten år sidan fyrste gong Ålesund vart kåra til landets verste sykkelby. Har noko endra seg?
– Nei, det har vel eigentleg ikkje det. Vi ser på sykkeltellingar at det har vorte fleire syklistar. Men når det gjeld fysisk tilrettelegging, så har det nok ikkje skjedd så mykje, seier Finholdt.
No håpar ho at den planlagde bypakken skal gjere Ålesund betre tilpassa syklistar i åra framover.
BILBYEN ÅLESUND: Bilen dominerer bybildet i store delar av Ålesund.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKMå tilpasse seg
For Foodora, som er mest kjend for sine sykkelbod, betyr det eit litt anna opplegg.
– Vi tek utfordringa med å etablere seg i Noregs verste sykkelby på strak arm. Samtidig så det er klart at vi må tilpasse oss. I Ålesund gjer trafikale tilhøve, men ikkje minst vêr og vind det vanskeleg å basere seg på syklande bod, seier Randers.
Planen er at berre 16 % av boda i byen skal vere på sykkel. Det aller meste av maten dei skal frakte i Ålesund, vil bli levert med bil.
Kva gjer det med miljøprofilen til selskapet?
– No er det mykje meir enn berre sykkellevering som gjer oss til eit miljøvenleg selskap. Vi skulle gjerne hatt større andel sykkelbod. Halvparten av dei som har søkt jobb i Ålesund seier faktisk at dei vil nytte sykkel, så det er ein del som vil prøve seg, seier Randers.
MAT PÅ TO HJUL: Matleverandøren Foodora er best kjende for sine sykkelbod.
Foto: Foodora Norway