Følsvik og Kjølmoen i sentralstyret

Peggy Hessen Følsvik og Per Vidar Kjølmoen vart i dag valde inn i Arbeidarpartiet sitt sentralstyre. Hessen Følsvik er fungerande leiar i LO. Kjølmoen er fylkesleiar og Ap sin fyrstekandidat ved stortingsvalet. AUF-leiar Astrid Hoem var ikkje på val, men får no fulle rettar i sentralstyret.

Per Vidar Kjølmoen (Ap), fylkesvaraordfører i Møre og Romsdal.
Foto: Arbeiderpartiet