NRK Meny
Normal

Folketog før 16. maikamp

16. mai er fotballfest for mange, og i Molde var det i ettermiddag folketog mot stadion framfor kampen mot Stabæk klokka 18. Svært mange supporterar hadde tatt turen i duskregnet.

16. mai er synonymt med fotballfest for mange, og i Molde var det folketog gjennom sentrum i duskregnet i dag. Mange ville gjere seg klar til kampen på stadion klokka 18.

Mange gjorde seg klare for fotballfest i Molde i dag.

Til tonane frå korpset trassa dei vêret og vandra gjennom gatene i Molde. For mange er dagens tog den beste oppladinga til nasjonaldagen.

Kristian og June Tautra

Kristian og June Tautra i MFK-utstyr.

Foto: Roar Strøm / NRK

June og Kristians Tautra var ikkje i tvil om at dei skulle gå, trass i dårleg ver.

– Vi er MFK-supporter og støttar laget uansett, seier June og får støtte frå Kristian.

– Og eg trur Molde slår dei, seier han.

Folketog gjennom Molde sentrum

Mange møtte opp og fremst gjekk flaggberarane.

Foto: Roar Strøm / NRK

Toget er tradisjon

Trine Vinther Talseth

Trine Vinther Talseth trassar regnet.

Foto: Roar Strøm / NRK

For mange er det tradisjon å bruke dagen før dagen på fotball og fest. Så også for Trine Vinther Thalset.

– Dette er ei opplading til 17. mai, seier ho, og legg til at også ho satsar på heimesiger.

Marit Skarsbø

Marit Skarsbø er klar for kamp.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Eg heiar på Molde, seier som går for 4–1 siger, stemmer Marit Skarsbø i, for dei går vidare mot stadion.

MFK spelar mot Stabæk klokka 18, og du kan følgje kampen direkte her.