Folket må gå til urnene ein gong til

Om vel to veker skal Halsa igjen ha folkerøysting om kommunesamanslåing.

Valurne valg stemmeseddel

Etter eit innbyggarinitiativ blir dei som bur i Halsa igjen utfordra i spørsmålet om kommunesamanslåing.

Foto: Borgen, Ørn E. / SCANPIX

Det skjer etter eit innbyggarinitiativ der det blei samla underskrifter med krav om ny folkerøysting. Dette fekk gjennomslag i kommunestyret, som tidlegare med knapp margin har vedtatt å slå seg saman med Hemne.

Ola Rognskog

Ordførar Ola Rognskog håpar på å få eit svar på kva folket vil.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Mitt håp er først og fremst at folket nyttar røysteretten sin, slik at vi får eit ærleg bilete av kva folket vil, seier ordførar Ola Rognskog frå Senterpartiet.

Når det no bli ny folkerøysting betyr ikkje det av Hemne-vedtaket skal opp til ny behandling.

Ikkje ny behandling

– I kommunestyret sist sa vi at saka ikkje skal opp på nytt. Det var heller ikkje utgangspunktet for innbyggarinitiativet. Men dei ønskjer at resultatet av denne nye folkerøystinga blir sendt som vedlegg til Fylkesmannen, fortel ordføraren.

Alle vedtak om samanslåing eller ikkje samanslåing blir vurderte av Fylkesmannen, som kjem med si tilråding. Om vedtaka i kommunane då blir ståande eller om dei blir overprøvde er det Stortinget som avgjer.