Hopp til innhold

Folket i Stranda er ikkje utslått

Eigedomsskatt, gjeld og kutt etter kutt. Ein skulle tru at given i Stranda hadde minka, men tvert imot: Folket her veit dei må betale for alt dei har fått dei siste åra.

Innbyggarane i Stranda er ikkje utslått. Sjølv om det er motstand mot eigedomskatt og fleire sparetitak, veit folk at dei må betale for alt dei har fått dei siste åra. No gjeld det å kutte der ein kan.

Innbyggjarane i Stranda kommune er langt frå utslått. Folk er klare over at rekninga for festen dei siste åra ville kome.

No gjeld det altså å kutte der ein kan.

I går onsdag vedtok kommunen å gå inn for eigedomsskatt, å selje rådhus, selje gater, tomter og areal. I tillegg opna Stranda kommune for sal av «arvesølvet» Stranda Energi.

Kristi Helen Furset

Kristi Helen Furset forstår at kommunen no må kutte.

Foto: Brede Røsjø / NRK

– Eg trur vi taklar det veldig bra

Dagen etter maraton-kommunestyremøtet på Stranda rådhus er det derimot ikkje krisestemning blant innbyggjarane.

– Eg trur vi taklar det veldig bra som sunnmøringar. Eg trur at vi trålar oss framover og overvinn det meste, smilte frisør Kristi Helen Furset då NRK kom på besøk.

– Så du blir ikkje sur for ei tilleggsrekning etter festen de var med på?

– Neida, vi må ha litt å betale på.

Stranda kommunestyre

Stranda kommunestyre vedtok onsdag kveld å både selje rådhus, gater, areal og anna. I vil politikarane innføre eigedomsskatt, samt opne for sal av Stranda Energi.

Foto: Trond Vestre / NRK

Trur ikkje folk tek ting så tungt

Kjøpefesten frå 2008 og til 2011 har altså fått konsekvensar for Stranda kommune. 890 millionar i gjeld, og eit svært stort underskot.

Monica Aambakk Engeset

Monica Aambakk Engeset trur ikkje folk er så indignerte over ekstra skatt og andre kutt.

Foto: Brede Røsjø / NRK

– Men vi har fått eit fantastisk Strandafjell, sentrum er flott og vi har fått ny ungdomsskule. Så det har kome mykje godt, meiner Monica Aambakk Engeset.

Alle i Stranda må bli med og betale gjelda, noko innbyggjarane er budde på.

– No kjem rekninga, og den må vi betale heile gjengen.

– Alt som har kome til Stranda, alt vi har fått. Det er så positivt at rekninga ikkje ergrar folk så mykje. I alle fall ikkje så mykje som andre utanfor kommunen trur, smiler Aambakk Engeset i frisørsalongen.

Eigedomsskatten er eit tidlegare svært omdiskutert tiltak, men folk mistar ikkje nattsøvnen.

– Galgenhumoren er sterk

– Eg trur galgenhumoren er ganske sterk på Stranda.

– Det er klart vi ser alvoret i situasjonen, men folk er av den oppfatning av at vi skal stå på og få til dette, seier John Petter Aambakk.

Aambakk ser derimot ikkje lyst på at Strandafjellet kan ende i minus.

– Det er ein forhandlingssituasjon i kommunen. Kva får dei får Strandafjellet?

– Og det er ikkje kjekt å vite at det kanskje går 100 millionar i vasken, nikkar Aambakk.

– Å selje E-verket blir som å pisse i buksa

Salet av skianlegget er i gang. Stranda kommune melder om ein seriøs og konkret kjøpar, og håper anlegget blir selt snarast råd.

Johan Steffen Fivelstad

Johan Steffen Fivelstad meiner Stranda Energi ikkje kan seljast.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Men skianlegget dekkjer berre delar. Rådhus, sentrumsgater og diverse areal ser no ut til å bli selt.

Stranda Energi, «arvesølvet», blir det derimot kamp om.

– Dersom Stranda kommune sel E-verket, så blir det som å pisse i buksa.

– Det blir varmt i ein augneblink, og så er det gjort. Det må ikkje skje!, avsluttar Johan Steffen Fivelstad i Stranda sentrum.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL