Folkerøysting i Smøla

I dag er det rådgivande folkerøysting i Smøla, om kommunen skal tilhøyre Møre og Romsdal eller skifte til Trøndelag. Mange har førehandsrøysta, og også 16-åringar får røyste. I folkerøystinga i Aure var det fleirtal for å bli, og ordførar Svein Roksvåg trur det kan spele inn i Smøla. Resultatet skal vere klart i løpet av kvelden.

Svein Roksvåg (Sp), ordfører i Smøla.
Foto: Trond Vestre / NRK