Hopp til innhold

Folk i Kristiansund vil bli i Møre og Romsdal

Innbyggarane i Kristiansund røysta om å byte fylke, men «trøndersuget» var ikkje sterkt nok. Dei aller fleste vil framleis vere i Møre og Romsdal

Folkeavstemning om regiontilhørighet i Kristiansund.

RØYSTAR: Karin Skomsøy kjenner meir tilhøyrsle til trønderane enn med Romsdal og Sunnmøre.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Vi får ikkje noko frå Møre og Romsdal, så eg vil heller til Trøndelag. Då får vi kanskje behalde sjukehuset, seier Karin Skomsøy.

Ho er ein av nordmøringane som kjenner på det såkalla «trøndersuget».

Mange i Kristiansund har kjent seg oversett av fylket sitt Møre og Romsdal over mange år, og med tida har dette pressa fram ei rådgjevande folkerøysting. No skal folket få seie sitt.

Johan Fredrik Mietle er blant dei som står på andre sida, og har også møtt opp for å stemme.

– Det er ingen grunn til å vere ein utkant i eit samanslått Trøndelag. Vi har ingen indikasjonar på at det er meir å hente der, seier Mietle.

Kristiansund kommune, rådhuset

Det bur rundt 24.000 innbyggarar i Kristiansund, som er by og handelsstad for kommunane på Nordmøre.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Kjenner seg mest heime i Møre og Romsdal

No er resultatet klart. 63,23 prosent røysta for at dei kjenner størst tilhøyrsle til Møre og Romsdal. 36,77 prosent kjenner det same for Trøndelag.

– Det er omtrent som forventa. No har folket gitt klar melding om å ikkje løfte den ballen opp igjen, det er eg glad for, seier Mietle.

I tillegg til folkerøysting, har kommunen også gjennomført ei innbyggarhøyring. Der svarar 52 prosent at dei kjenner høg tilhøyrsle til Møre og Romsdal, mot 33 til Trøndelag.

– Det er ingen signal om at vi skal gå vidare med prosessen med å søke oss til Trøndelag, men om at vi skal vere der vi er og jobbe for å få det best mogleg der vi er i dag, seier ordførar Kjell Neergaard.

No skal rådmannen lage ei tilråding som bystyret skal behandle i neste veke.

Johan Fredrik Mietle. Folkerøysting i Kristiansund.

Johan Fredrik Mietle har ikkje noko tru på at ein får det betre i Trøndelag.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Låg valdeltaking

Blant dei røysteføre er det 29,51 prosent som har valt å delta i folkerøystinga, trass i at det har vore lett tilgjengeleg å førehandsrøyste på dei to kjøpesentera i byen. Det har òg vore mogleg for eldre å røyste på institusjonane.

I innbyggarhøyringa er 6000 som er spurt om å delta, mens rundt 23 prosent har valt å gjennomføre den.

– Det er sjølvsagt skuffande at det er veldig låg valoppslutning, og det seier kanskje noko om interessa for saka, seier Neergaard.

Ordfører Kjell Neergaard

Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard. (Ap)

Foto: Eirik Haukenes / Eirik Haukenes

– Vil det bli ro rundt trønderdebatten no?

– Eg håpar det, men fullstendig ro rundt dette trur eg ikkje vi får. Folk får ha meining om kva som helst, men politisk bør vi i alle fall legge ballen død, meiner Neergaard.

Ikkje alle er engasjerte

På kjøpesentret Storkaia i sentrum er det fleire som gir uttrykk for å ikkje vere særleg opptatt av regiondebatten.

– Det er folk som har snakka om det rundt meg, men eg har ikkje hatt så mykje interesse. Eg veit ikkje om det spelar nokon rolle, seier Ariel Greger.

– Eg har ikkje stemt. Eg bryr meg eigentleg ikkje, det er likegyldig kor vi er, seier Anne Katrine Oterholt.

Martine Brevik synest det er ille at så få engasjerer seg, og er skuffa over den låge valoppslutninga. Ho ønskte seg eit anna utfall.

– Eg trur ikkje vi kan få det så mykje verre enn vi har det no. Vi sit ute på berget og er seint ute med å få både statlege arbeidsplasssar og ressursar til å kunne halde fram som by, seier Brevik.

Marit Brevik

Martine Brevik ville ha ei endring og røysta for å høyre til Trøndelag. Ho meiner Kristiansund blir forfordelt i Møre og Romsdal.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Ville blitt ei «trønderøy»

Dersom befolkninga i Kristiansund røysta for å gå til Trøndelag, ville det ikkje vore sjølvsagt at det ville skjedd. Kommunepolitikarane må ville det, politikarane i Trøndelag må ville det og Stortinget må ville det.

Skulle alt ha gått gjennom, ville ikkje Kristiansund ha fått ei grense til Trøndelag. Nabokommunane Aure og Smøla gjennomførte folkerøystingar i haust, og begge enda med eit fleirtal for å bli.

Kristiansund ligg i Møre og Romsdal (gult). Trøndelag her er markert med raudt.

Store byutviklingsprosjekt

Spørsmålet om kva Normøre vil gjere, har lenge skapt usikkerheit for framtida til Møre og Romsdal som fylke. Tidlegare gjekk Rindal og Halsa over til Trøndelag, men no ser det ikkje ut til å skje med fleire med det første.

– Eg er veldig veldig glad og letta. Kristiansund er ein av dei største byane i fylket, så det har stor betydning. Det var viktig å få avklart dette no, seier fylkesordførar Tove-Lise Torve (Ap).

Fylkesordførar Tove Lise Torve (Ap)

Fylkesordførar i Møre og Romsdal, Tove-Lise Torve. (Ap)

Foto: Synnøve Hole

Dei siste åra har Møre og Romsdal fylkeskommune gått inn i to store byutviklingsprosjekt, eit høgare utdannings-campus og nytt kulturbygg for opera, bibliotek og museum. Mange har spurt seg kva som skjer med desse dersom Kristiansund søker mot Trøndelag.

– Har desse prosjekta vore avgjerdande for at folk ønsker å bli?

– Det er ikkje godt å vite. Dette er eit arbeid vi har jobba med over tid og meint har vore riktig for utviklinga nord i fylket. Vi har i alle fall ikkje late folkerøystinga gå utover vårt arbeid, seier Torve.