Leiaren i styringsgruppa for prosjektet, Frank Sve, trur dette er med på å minske frykta til dei som bur langs Storfjorden
Det første av tre folkemøter om kartlegginga av skredfaren i Stranda og Norddal kommunar vart altså arrangert i Valldal i går kveld. Rundt 30 personar møtte opp for å få informasjon om kva geologane gjer for å kunne varsle eit eventuelt storskred i tide. Anne Beate Uri var ei av dei og ho meiner møtet var nyttig.
Ordføraren i Norddal kommune Arne Sandnes sit også i styringsgruppa for Åkerneset/Tafjord-prosjektet, og han lovar at dei skal halde fram med å vere opne om det dei finn ut om dei farlege fjella i området.
Overvakinga av Åkerneset er allereie godt i gang. (Foto:NRK)