Hopp til innhold

Inviterer til folkemøte om giftdeponi

Lokalmiljøet rundt det planlagde giftdeponiet for farleg avfall på Raudsand i Nesset blir utfordra til å engasjere seg. I dag held interessegruppa mot deponiet folkemøte.

Avfallsdeponi i Rausand

Det er delte meiningar om det planlagde giftdeponiet i Nesset. Kommunen ynskjer anlegget velkome, medan andre er kritiske.

Foto: Bergmesteren Raudsand

Det er selskapet Bergmesteren Raudsand som har planar om å bygge eit deponi for farleg avfall på Rausand i Nesset. Inne i fjellet på Raudsand skal det byggast enorme fjellhallar.

Motstanden mot deponiet er stor og tysdag kveld arrangerer interessegruppa "Jeg velger meg et giftfritt Nesset" møte. Kristin Sørheim er styreleiar og meiner det er uhyre viktig at folk no bryr seg, før alt blir avgjort over hovudet på dei.

– Det er viktig at lokalbefolkninga får mest mogleg kunnskap om dette og engasjerer seg, for både statsministeren og andre sentrale politikarar har sagt at det ikkje skal etablerast slike giftdeponi mot lokalbefolkninga si vilje, seier Sørheim.

Kristin Sørheim

Kristin Sørheim (Sp) er styreleiar i interessegruppa "Jeg velger meg et giftfritt Nesset"

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Godt fjell

Leiaren i selskapet Bergmesteren Raudsand, Harald Storvik, har tidlegare sagt til NRK at planane vert stansa dersom utgreiingane viser at det er farleg å bruke området til deponi.

– Etter det vi veit no representerer planane våre ikkje nokon fare. Saka er ikkje ferdig greia ut enno. Den er ikkje ferdig før i oktober. Så langt viser undersøkingane at fjellet er av god kvalitet. Det er grov, granittisk gneis, seier Harald Storvik.

LES OGSÅ:

Båttransport

Nesset kommune er positiv til planane og har jobba for å få eit nasjonalt deponi for farleg avfall i fleire år. Også politikarane på Mørebenken kjempar for at det nasjonale deponiet skal ligge i Nesset, i staden for i Brevik i Porsgrunn. Eit av argumenta er at avfallet kan transporterast med båtar langs kysten, i staden for at tusenvis av lastebilar skal køyre gjennom Oslo til Brevik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL