Hopp til innhold

Her kan du miste jobben om du blir skilt

Lærarar som skal jobbe ved den nye folkehøgskulen til Indremisjonsforbundet på Sjøholt på Sunnmøre må skrive under på eit verdidokument som kan bety at dei ikkje kan leve i homofilt parforhold, få barn utanfor ekteskap eller bli skilt.

Husmorskulen på Sjøholt
Folkehøgskule

NY FOLKEHØGSKULE: Her i den gamle husmorskulen på Sjøholt skal Indremisjonsforbundet starte folkehøgskule. Regjeringa har løyvd 4,2 millionar over statsbudsjettet til oppstart.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

I ein tidlegare versjon av denne artikkelen skreiv vi at lærarar som skal jobbe ved skulen må skrive under på at dei ikkje kan leve i homofilt parforhold, få barn utanfor ekteskap eller bli skilt. Ordlyden i dokumentet omhandlar "det livslange monogame ekteskapet mellom mann og kvinne", der vi har spurt kva som fell utanfor. For å gjere dette enda tydelegare har vi endra teksten i ingressen.

Indremisjonsforbundet eig eller er deleigar i rundt 30 skular i Noreg.

No er dei i gang med å tilsette lærarar til ein heilt ny folkehøgskule, og krava til kva privatliv dei tilsette kan ha, har skapt sterke reaksjonar.

– Partikontoret i Frp ville ikkje komme til å tilsette ein SV-politikar. På same vis krev vi at tilsette i vår organisasjon støttar vårt verdigrunnlag, seier generalsekretær Erik Furnes i Indremisjonsforbundet til lokalavisa Bygdebladet, som skreiv om saka først.

Må skrive under på dokument

Rektor og alle lærarane ved skulane til Indremisjonsforbundet må skrive under på eit verdidokument der dei stiller seg bak strenge føringar i synet på ekteskapet.

Ekteskapet skal ifølge dokumentet vere mellom mann og kvinne, monogamt og livslangt.

Å vere skild, få barn utanfor ekteskap eller leve i eit homofilt parforhold vil i dei fleste tilfelle føre til at du ikkje er kvalifisert til stillingane.

Petter Olsen

Petter Olsen er medieleiar i Indremisjonsforbundet.

Foto: Indremisjonsforbundet

Medieleiaren i Indremisjonsforbundet, Petter Olsen, seier ekteskapet mellom mann og kvinne er heilt avgjerande i deira tru, og at dette difor er eit svært viktig punkt. Han slår også fast at det dei gjer ikkje er ulovleg.

– Men det kjem ikkje overraskande på oss at dette skaper reaksjonar. Vi erkjenner at dette er motstraums i dagens samfunn, seier han.

Han seier det er forventa at dei tilsette er lojale mot det som står i dokumentet, men at det ikkje er automatikk i at du mistar jobben om du til dømes blir skild.

– Men ein kan ikkje utelukke det.

Reagerer kraftig: – Trist

Stortingsrepresentant frå Senterpartiet, Jenny Klinge, reagerer kraftig på verdidokumentet til skulen.

Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp).

Jenny Klinge (Sp) er Stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal og første nestleiar i justiskomiteen. – Heldigvis har samfunnet elles blitt meir tolerant enn for nokre tiår sidan, men somme miljø heng verkeleg etter enno, meiner ho.

Foto: Ragne B. Lysaker / Senterpartiet

– Det er rett og slett trist. Her gir skulen eit så tydeleg signal om kva som er feil måte å leve på overfor ungdom i ein sårbar fase av livet, seier Klinge.

Ho kjenner ikkje lova godt nok til å vite om dette er innanfor lovverket, men går ut ifrå at skulen har sjekka dette. Er det lov, vil ikkje Klinge vil ikkje ta til orde for å forby slike retningsliner og krav, men meiner det er viktig å ta debatten ope.

– Eg vil tru det kjem til å vere elevar på skulen som er eller finn ut at dei er homofile. Med dette vil dessverre elevane få heilt tydelege signal om at det ikkje er greitt at dei lever ut legninga si, og at dei heller må leva aleine resten av livet, seier Klinge.

Kan vere lovleg

Dersom folkehøgskulen avslår søknader fordi søkarar ikkje oppfyller desse krava, vil det kunne reise spørsmål om diskriminering. Det meiner jurist i Likestillings- og diskrimineringsombodet, Emma Caroline Hermanrud.

Det som blir avgjerande, er om kravet er nødvendig for å utføre arbeidet som stillinga krev.

– Dersom dette er ei stilling med oppgåver som til dømes medverkar å gjennomføre aktivitetar med religiøst innhald, som å halde andakt eller trusopplæring, vil det kunne vere lovleg å stille slike krav, skriv Hermanrud i eit svar.

NRK har sendt ein førespurnad til Kulturdepartementet for å få ein kommentar frå Kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V). Statssekretær Knut Aastad Bråten svarar på vegner av departementet.

– Eg har respekt for likestillings- og diskrimineringslova, som opnar for å forskjellsbehandle dersom noko er i strid med religionsutøvinga. Samstundes må eg seie at dette verkar noko gamaldags, og eg er glad for at det finst fleire folkehøgskular rundt om i landet som er meir opne i synet sitt på kven dei ønsker som både lærarar og elevar, skriv Bråten.

Har tatt kontakt med regjeringspartia

Ein av dei som reagerer svært kraftig på krava til Indremisjonsforbundet er Ronny Wilhelm. Han er ein av frontfigurane i Great Garlic Girls, og skal heim til Møre og Romsdal for å opne Molde Pride saman med dei i sommar.

Ronny Wilhelm

Ronny Wilhelm.

Foto: Vera Henriksen / Romsdals budstikke

– Eg fekk tilsendt lokalavisa frå ei venninne, og då kjente eg at eg fyrte meg skikkeleg opp. Eg er i mot alle typar radikalisering, og eg er redd for kva slike haldningar gjer med sårbar ungdom, seier han.

I eit innlegg på Facebook spør han i dag om korleis styresmaktene kan godta at skulen stiller slike krav:

«Hvordan kan det forsvares at det innvilges støtte til denne typen radikalisering, som i tillegg til å være både forhistorisk og skadelig, også går på kant med norske lover og den lovbeskyttelsen som er gitt de grupperingene som Indremisjonen her arbeider i mot?»

Ronny Wilhelm

Han har også sendt spørsmålet direkte til dei tre regjeringspartia, og håper dette vil skape debatt.

– Berre ved eit enkelt google-søk fann eg ut at denne skulen har fått 750 000 kroner for planlegging og godkjenning av skulen, og 4,2 millionar til drift i 2020 av utdanningsdirektoratet. Dette kan ikkje vere rett bruk av våre skattepengar, seier han.

Spør ikkje om legning

Petter Olsen er klar på at dei som søker jobb ikkje kjem til å få spørsmål om legning, men det som er vesentleg er om dei lever i eit homofilt parforhold eller ikkje.

– Er de ikkje opptatt av å ta vare på ungdom som er homofile og som kanskje skal gå ved skulen?

– Jo, og det er veldig viktig at dokumentet ikkje seier noko om legning. Det er først når ein lever i eit homofilt parforhold at det bryt med verdidokumentet. Alle elevar vil vi ha same mål om å sjå, ta vare på og ha omsorg for. Det må det ikkje vere tvil om, seier han.

– Mange meiner desse reglane høyrer til på 1800-talet, og ikkje i 2020, kva meiner de om det?

– Vi tenker at Guds ord er aktuelt til alle tider, og det vil vi skal vere viktig og avgjerande for korleis vi driv vår verksemd.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL