NRK Meny
Normal

Folkehøgskole braut ikkje lova

Borgund Folkehøgskole i Ålesund handla ikkje i strid med diskrimineringslova då dei søkte etter ein kristen til ei administrativ stilling i fjor haust.

 

Det slår likestillings- og diskrimineringsnemda fast, skriv avisa Dagen.

Rektor Sven Wågen Sæter seier til avisa at han er fornøgd med å ha blitt lytta til, og fått gjennomslag i saka.

Han håpar dette vil gjere det lettare for andre skular å kunne gjere det same.