Programleiarane Atle Pettersen og Nadia Hasnaoui leia tv-sendinga frå kommunekaia i Ulsteinvik sentrum og var ikledd seg Hødd-skjerf for anledninga.
I kveldens sending fekk ein blant anna sjå Jenny Langlo frå Stordal kommune og amerikanaren Adam Douglas som underheld med musikk.
I tillegg imponerte 19 år gamle Eirik Sætre Hove frå Volda publikum med jojo-triksing. Hove er tidlegare kjent frå «Norske Talenter» og er aktuell for jojo-VM i Japan.
Friidrettstalentet Karsten Warholm var også med på direktesendinga. Han vart utfordra av programleiarane og konkurrerte mot Atle Pettersen i ein quiz om Ulsteinvik, der taparen måtte hoppe i havet. Pettersen svarte feil på det siste svaret og verdsmeisteren kunne difor gå trygt på land medan programleiaren fekk seg ein badetur.
Neste stopp på sommerbåten si reise blir Florø 14. juli.
- Les også:
- Les også: