Beautiful
- This is magnificent, sa passasjeren frå Bristol som møtte NRK sin reporter på veg til Geiranger i dag. - There is nothing like this, sa han og tenkte like mykje på naturen som på den enorme luksusen ombord.
Passasjerarane på veg til Geiranger. Foto: Alf-Jørgen Tyssing.
Unik i verdssamanheng
På kaia blei turistane mottekne med folkedans og anna underhaldning. - Turistane vil til Geiranger, fordi Geirangerfjorden er unik i verdssamanheng, seier ein opprømt turistsjef Geir Gjærde. - Bygda er vakker, fjorden er spesiell der turistane opplever nye scener etterkvart som skipet rundar kvart nes. - Og ikkje minst fjorden, bygda, fjella og gardane har historier å fortelje, og det rører ved turistane, seier han.
Stiller opp
Det er mykje folk i Geiranger i dag. Foto: Alf-Jørgen Tyssing.
Det er i dag enorm trafikk i Geiranger, heilt på grensa av det veg- og ferjenettet tåler. Det er i formiddag 3 timar ventetid på ferjesambandet Eidsdal - Linge. Politiet oppmodar folk som er i Geiranger om å vere tålmodige.
Der er mykje folk, mange bilar og bussar i samband med at "Queen Mary 2" er på staden. Folk må difor vise omsyn, og rekne med at det kan bli noko ventetid, seier politiet.
Queen Mary 2 på Geirangerfjorden. Foto: Alf-Jørgen Tyssing.