NRK Meny
Normal

Folkerøystinga i Hareid: Seier nei til samanslåing med Ulstein

Folket i Hareid har sagt nei til samanslåing med Ulstein. Det er klart etter folkerøystinga i dag.

Folkerøysting Hareid

I Hareid er oppteljinga etter folkerøystinga i full gang. Resultatet kjem om lag klokka 22.00.

Foto: Trond Vestre / NRK

I Hareid stemte 1148 personar nei til samanslåing med Ulstein. 767 stemte ja. Både folkerøystinga og innbyggjarundersøkinga viser at fleirtalet av folket i Hareid seier nei til Ulstein.

  • Førehandsrøyster: Ja: 66, Nei: 154
  • Hareid krins: Ja: 402, Nei: 497
  • Bigset krins: Ja: 154, Nei 182
  • Brandal krins: Ja: 47, Nei 87
  • Totalt: Ja: 767, Nei: 1148

Dette inneber at 59 % har sagt nei, 40 % har sagt ja og 1 % har svart veit ikkje. Valdeltakinga var på 53,5 prosent.

Riise og Fuglset

Ordførar Anders Riise(H) og varaordførar Kristian Fuglseth (Folkelista) under folkerøystinga i Hareid måndag.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Ingen endeleg konklusjon

Ordføraren i Hareid, Anders Riise (H), er skuffa over resultatet, men vil ikkje dra nokon endeleg konklusjon etter avrøystinga i dag.

Eg hadde håpt at det skulle vere ein tydelegare ja-oppslutnad. Samstundes viser innbyggjarundersøkinga at det ikkje er noka klar sikkerheit rundt dette. Så ut frå det som har skjedd i dag vil eg ikkje uttale meg noko endeleg. Vi skal også ha rådmannen sine vurderingar som skal sendast ut til kommunestyret. Deretter skal vi dra den endelege konklusjonen, seier Riise.

– Men signalet er vel ganske klart?

Dette er ei rådgjevande folkerøysting. Resultatet på 59/40 er eitt tydeleg signal. Så er der andre signal som peikar andre vegen, seier Riise.

Riise seier han er usikker på kva som er årsaka til at det har blitt eit nei-fleirtal.

– Hovudårsaka kan vere skremselspropagandaen kring gjelda til Ulstein. Dette kan ha påverka ein del folk, seier Riise.

– Fornøgd ned resultatet

Varaordførar Kristian Fuglseth (Folkelista) karakteriserer resultatet som ganske klart. Han vonar at Stortinget vil respektere resultatet av folkerøystinga.

Eg er fornøgd med dette resultatet. Det viktigaste er at innbyggjarane i Hareid har trua på sin eigen kommune. Det er mange årsaker til at vi har fått eit nei-fleirtal, men eg vil ikkje spekulere i dette, seier Fuglseth.

Folkeavstemming Hareid

Folket i Hareid gjekk måndag til urnene for å seie ja eller nei til samanslåing med Ulstein.

Foto: Trond Vestre / NRK

Knapt nei i innbyggjarundersøking

I tillegg til folkerøystinga blei også resultatet frå ei innbyggarundersøking kjend i dag. Her seier 45,1 prosent nei til samanslåing med Ulstein kommune. 40,7 prosent av dei spurte har svart ja til samanslåing. 14,2 prosent seier at dei ikkje veit kva dei skal meine.

Ifølgje rapporten om innbyggjarundersøkinga gjev dette ikkje noko eintydig signal på kva folket i Hareid meiner om ei samanslåing med Ulstein.

500 personar i Hareid er spurt i undersøkinga. Undersøkinga blei gjennomført i perioden 11.–19. august.

Førstkomande fredag blir resultatet av innbyggjarundersøking i Ulstein kjend. Deretter skal begge kommunestyra gjere vedtak før fylkesmannen kjem med si innstilling. Saka blir endeleg avgjort i Stortinget.