Hopp til innhold

Folk vil ikkje ete lam- fleire tonn ligg på lager

Bøndene ynskjer at lammekjøt skal få plass i grillhylla til butikkane. No ligg det 1900 tonn fårekjøt på fryselager på grunn av overproduksjon.

Lammekjøtt

Det vert produsert for mykje fårekjøt i landet. Bøndene ynskjer at kjøtet skal bli brukt i grillsesongen.

Foto: Kari Løberg Skår, NRK

I norske fjøs og på beite over heile landet går det nesten 800.000 sauer. Medan det for nokre år sidan var mangel på fårekjøt, ligg det i følgje Nortura 1900 tonn med fårekjøt på fryselager.

Møre og Romsdal Sau og Geit meiner dei store daglegvarekjedene bør ta ansvar for å få kjøtet ut i butikkane.

– Lammet bør få ein god plass i grillsesongen. Det er i alle fall det vi kan gjere på kort sikt, seier styreleiar Hilmar Kleppe. Han synest det er altfor lite lam i kjøtdisken på butikkane.

LES OGSÅ:

Et lite lammekjøt
Kjell S. Rakkenes

Kjell Rakkenes trur den karakteristiske smaken på fårekjøtet, gjer at ikkje alle likar det.

Foto: NRK

Kjøtforbruket har auka mykje dei siste tiåra, men nordmenn et forholdsvis lite lammekjøt. I snitt et vi fire gonger så mykje svin og tre gonger så mykje kylling.

Kommunikasjonsdirektør i Nortura, Kjell Rakkenes, trur smaken kan ha noko å seie.

– Undersøkingar viser at det er fleire som ikkje likar lammekjøt. Det er fordi det har ein karakteristisk smak, som er viltaktig, seier Rakkenes.

Likevel ønskjer Rakkenes at fleire skal ete meir norsk lammekjøt, som han kallar det beste lammekjøtet i verda. Han meiner at det Nortura kan gjere er å utvikle produkt til butikkane. Han ventar også at konkurrentane satsar på lam og at ein dreg i flokk.

– Butikkane må også kjenne si besøkingstid. Vi har tilgang til eit fantastisk råstoff, seier Rakkenes.

Ny situasjon

Kine Søyland

Kine Søyland, kommunikasjonssjef i Norgesgruppen, seier at problemstillinga er ny.

Foto: Norgesgruppen

Kommunikasjonssjef i Norgesgruppen, Kine Søyland seier at problemstillinga er ny.

– Utfordringa er at den situasjonen vi er oppe i no, med eit overskot av lam, er ganske ny. Tidlegare har lam vore vanskeleg tilgjengeleg delar av året, seier Søyland. Difor har det ikkje vore aktuelt å selje lam i grillsesongen.

Norgesgruppen består av blant anna Kiwi og Meny og har ein marknadsdel på førti prosent av daglegvarebransjen i Noreg. Dei vil vere med på å løfte fram lammekjøtet.

– I år har det vore litt for tidleg til at vi har klart å få store mengder lam inn i hyllene i sommarsesongen, seier Søyland.


Kleppe seier det er mange gode grunnar til å ete meir lam.