Hopp til innhold

– Før var dette berre for dei spesielt interesserte

Før var klatremiljøet lukka, og hardt å komme seg inn. No strøymer folk til buldrehallane. Klatreforbundet ser stor vekst, og håper interessa fører til fleire gode klatreanlegg i heile landet.

Marie Hanken på buldring

BULDRING: Marie Hanken har prøvd denne typen klatring eit par gonger før, og seier ho definitiv ikkje har hatt si siste økt i buldreveggen.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

– Dersom du spør meg personleg vil utopien vere at 80 prosent av nordmenn har eit godt klatreanlegg i køyrbar avstand i løpet av dei kommande åra, seier Nikolai Kolstad i klatreforbundet.

Ifølgje tal frå Idrettsanleggsregisteret vart det bygd 186 utandørs og 68 innandørs klatreanlegg i perioden 2006–2015.

Norges Klatreforbund er blant idrettsforbunda som veks aller mest. På det siste tiåret har medlemstalet auka frå 11.000 til 19.000.

Den største delen av denne auka har skjedd sidan 2010.

Men tala fortel berre kor mange som har meld seg inn i ein klatreklubb. Fleire nye buldresenter er verken knytt til ein klubb, eller krev at ein er medlem for å klatre der.

Buldring er klatring med låge vegger og madrassar på golvet. Du treng verken ein kompis til å sikre deg, mykje utstyr, eller stort repertoar av knutar til klatretauet.

Enkelt å komme i gang

– Eg har vore her eit par gongar, og synast det er kjempegøy, seier Marie Hanken.

Ho og medelevane Julie Reiakvam og Jonas Lillevold har valt å ta gymtimen i den nyopna buldrehallen i Ålesund. Ein type sosial trening som dei gjerne vil ha meir av.

– Eg gjer det jo for treninga, men det er også veldig utfordrande og gøy, seier Lillevold.

Buldrehallen i Ålesund

SOSIALT: Marie Hanken, Julie Reiakvam og Jonas Lillevold meiner den sosiale delen av buldring er viktig. Dei prøver å få med seg fleire vennar til hallen.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Var eit lukka miljø

På nittitalet var klatremiljøet sært, rart og for dei spesielt interesserte, ifølge Jens Henrik Hammerås som er dagleg leiar i Buldrehallen Ålesund.

Han viser til ein artikkel publisert på Norsk Tindeklubb som fortel om fleire nedlatande omgrep som blei brukt om klatrarar som ikkje var verdige.

– Nye klatrarar blei vurdert nøye. Du måtte prestere på eit visst nivå for å bli godtatt, fortel Hammerås.

Fleire nye buldrehallar har opna i Norge dei siste åra. Hammerås trur dette har gjort terskelen for klatring mykje lågare.

– Buldrehallen har blitt eit betre og betre alternativ til treningssenteret.

Jens Henrik Hammerås hjelper kunde med gavekort

PANGSTART: Jens Henrik Hammerås hjelp ein kunde med klippekort til julegåve. Han seier den nyopna hallen i Ålesund har fått svært god respons.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Fokus på unge og uerfarne

– Det her er jo veldig tøft!

Eivind Nordeide studerer veggane rundt seg. Han ser etter inspirasjon til Moldeveggen, der han er dagleg leiar.

Eivind Nordeide

FORNYING: Eivind Nordeide er glad for å sjå at dei nye hallane legg til rette for dei yngste og mest uerfarne. Han trur det vil senke terskelen for å prøve, og styrke rekrutteringa.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Det siste året har dei nesten dobla omsetninga, og deltakinga på ein lågterskel klatrecup i Møre og Romsdal har nettopp overgått alle forventningar.

– Vi har fylt hallane i både Molde og Ålesund, og nådde smerteterskelen for kor mange vi kunne ha i hallane.

Det gir inspirasjon til å utvide tilbodet.

Nordeide som sjølv har klatra lenge, trur den store auka i popularitet kjem fordi terskelen har blitt lågare, og nye senter legg til rette for å rekruttere eit breitt publikum.

– Her er det mykje meir fokus på dei som ikkje har klatra før. Halvparten av denne hallen er jo tilpassa dei yngste. Det er flott å sjå!

Folk i buldrehallen i Ålesund
Foto: Aleksander Båtnes / NRK