Hopp til innhold

Folk står i kø for å passe pratesjuk papegøye

Då Olga Murashova (44) skulle til utlandet på ferie frykta ho det skulle bli vanskeleg å få nokon til å passe papegøyen Nikki (6). Men der tok ho skammeleg feil.

Pratesjuk papegøye

Papegøyen Nikki (6) skal tilbringe sommaren i Ålesund. Den nye matmora har planane klare for kva ho skal lære henne.

Foto: privat

Korleis ville du like å bli vekt av ei pratesjuk papegøye som varsla "Det er på tide å stå opp, det er på tide å stå opp"? Eller som stemmer i "Sola skinner over Frognerparken"?

Det er tydelegvis mange som har lyst å prøve, for då russiske Olga Murashova i Sykkylven la ut annonse på Facebook og annonserte etter fuglepassar, var det mange som tok kontakt.

Eg er litt overraska over responsen. Folk syns nok at fuglen er litt spesiell og at det er uvanleg at ein fugl kan prate, dermed blir det litt ekstra artig, seier Murashova.

Syng og bannar

Olga Murashova

Olga Murashova har lært papegøyen si å telje, synge og banne.

Foto: privat

I annonsen står det klart at papegøyen Nikki snakkar, og at det er artig å høyre på. 44-åringen har lært fuglen sin litt av kvart i fuglen sitt seks år gamle liv. Ikkje berre kan ho synge fleire songar, ho kan også telje og banne som ein bryggesjauar.

Ho følgjer med på alt og lærer nye ord kvar dag.

Kven har lært henne å banne?

Det er nok kjærasten min, dersom det er noko han ikkje får til, bannar han, ler ho.

Sommaropphald i Ålesund

Nina Risvik

Nina Risvik skal passe papegøyen Nikki i sommar, og ser ikkje bort frå at ho då også får nokre ålesundsuttrykk på repertoaret.

Foto: privat

Etter at fleire hadde meldt seg, bestemte Olga Murashova seg for å leige Nina Risvik i Ålesund som fuglepassar i tre veker. Hovudarbeidet er å mate og skifte vatn, og elles sørge for at det er litt liv rundt fuglen. Risvik gler seg.

Eg trur det blir veldig artig, ho kan jo prate og lærer veldig fort, seier Risvik, og ser ikkje bort frå at ho klarer å lære fuglen nokre typiske ålesundsgloser i løpet av dei tre ferievekene.

Ingen russiske gloser

Papegøya Nikki

Papegøyen kan både synge og banne, men har ingen russiske gloser på lager.

Foto: privat

Matmora trur at Nikki vil få det fint i Ålesund, når matmora sjølv skal til utlandet på ferie. Men ho strekar under at det å ha ansvar for ein så stor fugl, ikkje berre er moro. Dei kan både rote og gnage.

Men språkmektig er ho altså. Olga Murashova er sjølv russisk, men har førebels ikkje forsøkt å lære papegøyen sin eit einaste russisk ord.

Nei, det har ingenting for seg. Det er jo ingen her som forstår russisk likevel, seier Olga Murashova.