To nye i natt
Politiet har berre i natt registrert to nye saker i dette området, og ber no folk om å følgje nøye med.
Den profilerte lokalpolitikaren Leif Hovde er ein av dei som har blitt skremt. Hovde har sjølv opplevd at bossdunken er blitt påtend.
Bossdunk i full fyr
- Den grå dunken sto i fyr og flamme ved 1-tida, og ein av leigebuarane mine oppdaga flammene og fekk sløkt det, seier Hovde.
-Hadde det vore eit eingongstilfelle så var det ikkje så mykje å bry seg om, men når det blir såpass mange i same strøket er det ikkje akkurat noko særleg hyggeleg, akkurat, meiner Hovde.
Nytt i Uka skriv i dag at det har vore fleire slike saker i området, og Hovde no har meldt saka til politiet.
Video-opptak
Politiadvokat Arnt-Erik Oust
Politiadvokat Arnt-Erik Oust seier at han berre i natt fekk melding om to nye saker, i det same området.
- Vi går gjennom veideo-opptak frå bensinstasjonen ved tinghuset for å sjå om det er nokon gjerningsmann som er tatt opp på video, seier Oust.
Per i dag veit ikkje politiet kven som står bak, og politiet har berre ein vitneobservasjon.
Leiv Hovde bur i eit område med mange trehus, og han seier at han likar dårleg tanken på korleis småbrannane kunne utvikla seg.