Hopp til innhold

Ikkje i rute att før 26.mars

Onaværingane må smørje seg med tolmod. Ikkje før 26. mars vil ferja Kvaløy gå til Ona att.

Bilferja Kvaløy

Onaværingane må smørje seg med tolmod. Ferja 'Kvaløy' kjem ikkje i rute att før 26.mars

Foto: Hilde Søreng / NRK

Folket på Ona må smørje seg med tolmod. Ferja legg ikkje til på øya før 26. mars. I dag var samferdsleutvalet i Møre og Romsdal samla, og også leiinga i rederiet Torghatten Nord var til stade.

Les også: Fortvilte på Ona

Les også: Klarer ikke legge til kai på Ona

Les også: MF Kvaløy dropper Ona pga problem

Legg seg flat

Bjørn Laksforsmo, adm dir i Torghatten Nord

Bjørn Laksforsmo er administrerande direktør i Torghatten Nord.

Foto: Torghatten Nord

Bjørn Laksforsmo, administrerande direktør legg seg heilt flat og tar det fulle ansvaret for ferjeproblema.

– Vi er veldig lei oss for den situasjonen vi har sett fastbuande og besøkande på Ona i, seier Laksforsmo.

Problema hopar seg opp

Frå 1. januar skulle den splitter nye ferja Kvaløy gå i sambandet Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona, men problema tok ingen ende.

Det starta med at mannskapet frykta grunnstøing allereie første dag. Så vart det klart at det var så vanskeleg å manøvrere ferja inn til Ona, at anløpet vart kutta ut. Nyferja må rett og slett byggast om for å tole forholda.

Søsterskipet «Vengesøy» vart sett inn i sambandet, men den grunnstøtte og er no inne på verkstad.

Les også: – Dette har blitt ein farse

Les også: – Dette er ikkje til å leve med

Innbyggjarane på Ona har måtte klart seg med hurtigbåt den siste månaden og latt bilane stå att.

Har gjort fleire feil

Burde rederiet ha forberedt seg betre?

– Det er heilt openbart at vi burde ha gjort fleire ting annleis. No har vi full fokus på å gjenopprette anløpa, seier Laksforsmo.

Djupare hamn

Torghatten Nord har søkt Kystverket om å gjere hamna djupare, før ferja skal inn att i sambandet.

–Ingenting skal vere uprøvd. Anløpet på Ona er trongt for ein båt som er så stor. Vi håper å få fjerna to grunner på kvar si side av anløpet, og at det kan føre til meir stabile rutetider, seier Laksforsmo.

Kan du garantere at alt er i orden til 26. mars?

– Det er den planen vi arbeider etter. Vi ser ingenting som kan utsette tidspunktet, seier Laksforsmo.

Reierlaget skal til Ona på fredag kveld og møte folket.