NRK Meny
Normal

Folk i Rauma trur ikkje Mannen kjem no heller

Tormod Lien trur ikkje Mannen rasar denne gongen heller. Ekspertane seier rørslene aldri har vore større, men mange trur fjellet framleis blir ståande.

Tormod Lien

TRUR IKKJE PÅ RAS: Tormod Lien i Rauma har inga tru på at Mannen kjem rasande denne gongen heller. Han syns synd på dei som bur under fjellet, og stadig blir evakuerte.

Foto: Roar Strøm / NRK

Folk på gata i Rauma trur ikkje det rasutsette fjellpartiet av Mannen kjem til å rase denne gongen heller. Fem gongar dei siste tre åra har ekspertane varsla raudt farenivå og ekstrem rasefare, men kvar gong har fjellet stilna igjen.

Folk flest trur faktisk ikkje at han kjem, seier Tormod Lien bestemt.

Nei, seier Synnøve Hofseth Ulstein.

Og dei er ikkje åleine om å seie det. Medan fagfolka, som overvakar fjellet nøye, registrerer rekordhøge rørsler og har evakuert folk i området, er mange innbyggjarar i Rauma svært tvilande til at fjellet kjem denne gongen heller.

Synnøve Hofseth Ulstein

IKKJE NO: Synnøve Hofseth Ulstein trur ikkje Mannen kjem denne gongen heller.

Foto: Roar Strøm / NRK

Mange som snakkar om Mannen

Det er ikkje berre blant innbyggjarane i Rauma saka skaper stor merksemd. Ei rekkje journalistar er på plass og sender daglege rapportar på radio, tv og Internett om det venta skredet frå Mannen.

Mange turistar stoppar langs riksvegen for å ta bilde av Mannen og medieoppbodet.

– Det er ein snakkis over heile landet. Eg har vore både i Oslo, Bergen. Før har eg sagt at eg bur like ved Trollstigen, no seier at eg bur like Mannen, og alle veit kvar det er, seier Lien.

Foreslår dynamitt

Det er berre ei veke sidan ekspertane forsøkte sist gong å pøse på med vatn, utan synleg resultat. Natt til tysdag starta dei igjen, men rørslene har minka noko og temperaturen er på veg ned. Dermed kan fjellet kome til å stabilisere seg igjen.

Det er mange som har forslag til korleis fjellet kan hjelpast ned.

Einar Olsvik

NATUREN AVGJER: Einar Olsvik meiner naturen sjølv avgjer når han skal sleppe Mannen, og tvilar på at det er denne hausten.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Dei prøvar og prøvar og prøvar med det vasstyret sitt, men dei får det berre ikkje til. Kanskje det går an å få han laus med litt mildare sprengstoff, seier Einar Olsvik frå Isfjorden.

Tvilar ikkje på ekspertane

Sjølv om Tormod Lien er trygg på at fjellet blir ståande, vil han ikkje kritisere fagfolka som har varsla overhengande rasfare fem gongar dei siste tre åra. Han syns synd på dei evakuerte, men meiner ekspertane veit kva dei snakkar om.

– Ein kan ikkje kritisere dei som gir signalet raudt, det går ikkje an, ein må ta det på alvor, seier han.